Hans Erik Nissen

 

 

 


Per Kørner

 

 

 


Gunnar Nilsson

 

 

 

Sigbjørn Agnalt

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


 

Artikkelsamling av Gunnar Soppeland






Gunnar Soppeland
kjem frå Årdal i Ryfylke og er sjølvstendig næringsdrivande, men han er også fritidsforkynnar og aktiv skribent i ulike blad og tidsskrift. Med sin skarpe penn analyserar han den åndelege situasjonen i tida i lys av Bibelen, og gjev på dette viset nyttige korrigeringar som avslører åndssituasjonen for kristenfolket.  

 


Prøv åndene! Dagen 30.06.08
Kor er Natans røyst? Er vi heimsøkt av Gud?, Dagen 12.04.07

Sameien trur på Hybels, 24.10.06, Dagen
Uår i landet – eit kall til anger og bot, 29.09.05

Kunne ikkje får barn, sa dei ..., 24.09.05
Sluttreplikk til Ottosen, 21.7.05, Dagen
Isolasjon eller assimilasjon, 5.7.05, Dagen
Lære og form  27.06.05, Dagen
Kjenn treet på frukta!  21.06.05, Dagen
Vær pjatt - og du skal se, alle vanskeligheter forsvinnner!   01.06.05
Språk og sak
Ynskjer populærkulturen bibelske svar?
Åndeleg mynd og fullmakt

I    -  Frå liv til dø
II  -   Frå død til liv
Kristen i, men ikkje av tida
Å sigle med- eller motvinds
Bruk Ordet, eller Ordet brukar oss?
Syndar og rettferdig

Det opprørande

Nullargument for Willow Creek
Sannsynleg eller usannsynleg

Intervju med Gunnar Soppeland i dagbladet Dagen 27.10.03

 

 

Åndeleg mynd og fullmakt.
Av Gunnar Soppeland

Der Ordet rår, rår det åleine. Det fullkomne kan ein ikkje føye noko til. Sjølv ein konge ville bli krenkt og hans eiga mynd gjort mindre om nokon som stod under kongen ville auke tyngda i ordet hans.

Kongen over kongane har tatt seg ut eit ”kongelege presteskap” til forkynnarar. Oppgåva deira er å vere  i ærend for Gud. Ærendet hans er å bringe ut kongens ord til folket. Bringe rette ord til rett tid og stad. Forholdet mellom kongen og folket beror på at forkynnaren sitt forhold til kongen er rett. Legg han noko til, eller trekkjer han noko frå,  kjem alle forhold i ulag. Kongen ter seg  berre etter sine eigne ord, ikkje forkynnarens.

Andre som gjerne vil tale Guds sak, utan å vere sendt av han, kallar Skrifta pratmakarar. Arbeidet deira vert til inkje og spådommane og visdommen deira gjer Gud til dårskap.(Jfr Es.44.25-26)

Pratmakarane har tilsynelatande ”gode” oppskrifter, men resultatet vert dåraktige gudsforhold. 

 

Stå i sanninga
Guds ord opnar for ei sanning som er høgre enn alle andre sanningar og går langt utover det menneske forstår. Sendebodet står sjølv i denne sanninga og er kraftig rørt av det han får sjå inn i. Han græt gjerne der andre i blinde ler, og står ofte overfor folk som sanninga er skjult for. (Luk.19.41ff) Til klårare sanninga lyser for han, til meir set han inn på ærendet sitt, og til sterkare reflekterer sanninga seg gjennom personlegdomen hans. I tale og ferd står han fast og kompromisslaus ovanfor usanninga. Vert Ordet avvist let han seg avvise saman med dette. Går han mellom Ordet og tilhøyraren for å tillempe eit kompromiss, gjer han svik på både Ordet og tilhøyraren.

 

Mynd og fullmakt
Då Jesus hadde reinsa templet og tok til å læra der, ville farisearane vete kva mynd og fullmakt han hadde.(Matt.21.12ff). Dei ville han skulle legitimere seg, og det var jo eit rettmessig krav å stille ein utsending i eit ærend som hans. Normalt skal ei indre gudgitt mynd og fullmakt samsvare med eit ytre kall. Men både Skrifta og historia viser at det ikkje alltid er slik.

I våre dagar er det eit mylder av  ytre kall, men skrikande mangel på myndig tale. Det kan tyde på at ytre og indre kall ikkje er i samsvar med einannan.

Det indre kallet kan godt klare seg utan det ytre. H.N.Hauge var døme på dette. Men det ytre kallet vert sjølvsagt berre eit narrespel utan at det indre er med.  Dette  er grufullt skildra i Esek. Kap. 11 og 13.  Der ser ein korleis Anden forlèt templet i Jerusalem på grunn av fråfallet. Dei formelle profetane heldt likevel fram som før, og forsterkar fråfallet. Gud klagar dei for å preike slik at sjeler som ikkje skulle døy, vart drepne,  og sjeler som ikkje skulle leve vart haldne i live.

Med  lygn gjorde dei hjarta motlaust hjå den rettferdige, og gav styrke til hendene åt den gudlause.

Kanskje er det grunn til å etterlyse gudgitt mynd og fullmakt og i våre dagar? For utan denne kan ingen opptre med ordet utan å synde mot ordet og tilhøyrarane, og skape missforhold mellom dei. Jesus framhevar sjølv at orda han tala, var ord han var gitt. (Joh.17.8)

 

Ei dødsens alvorleg sak
Det mest avgjerande ved eit sendebod er det gudgjevne. Ikkje det naturleg medfødde. Gud valde seg ut det som ingenting var. Dei utvalde erkjente dette, og visste dei var kalla, danna, drivne ut og sette til ei oppgåve fullstendig på hans premissar. Ville dei ikkje vere ingenting, vart dei ikkje sendt. Gud gav dei det han sjølv ville bruke for at han sjølv kunne ivareta det han ville ha ivaretatt i kyrkjelydane.

Dette viser alvoret i saka. Guds mål er at tilhøyraren sitt samvit skal stå evig ansvarleg ovanfor den forkynte bodskapen. Anten det vert forkasta eller tatt imot. Situasjonar der Gud og den einskilde står ovanfor einannan kan ikkje tilbakekallast. Han møtte Guds ord, han visste det var Guds røyst han høyrde, og utfallet vart ståande for tid og æve.

Dette alvoret skulle ikkje freiste nokon til å ytre seg utan gudgitt mynd og fullmakt. Ein var betre faren om ein svor den grovaste eid, enn om ein på denne valplassen opna munn og mæle utan gudgitt mynd. Her skal Guds ord råde grunnen  i kraft av seg sjølv. Anden let seg ikkje binde til forkynnaren, men bind forkynnaren til seg.

 

Pratmakarane
Pratmakarane sine ord er sjølvvalde og difor tomme og veike. Dei ber gjerne om Andens hjelp og velsigning over det dei seier og gjer, - men fånyttes. I praksis må dei ty til anna støtte og forsterkning og gjere seg  interessante gjennom ulike slag ytre verkemiddel som form, naturtalent og oppøvd evne. 

Vi ser det er viktig for Paulus å understreke at han ikkje kom med visdoms overtalande ord, men med prov av Ande og kraft. Han var redd at vise ord skulle tappe Kristi kross for kraft.

 

Stor skilnad på Guds ord og menneskeord.
Menneskeord er av forbigåande art og berre gyldige innan det timelege. Det er det same om dei kjem frå høg eller låg, lek eller lærd. Mynd i denne samanheng er det same som ytre formell eller personleg makt. Men gudsordet gjeld både i tid og æve. Forkynnaren har mynd men ikkje formell eller personleg makt. Derimot har han  fullmakt til å bera ut eit ord som er levande og kraftig i seg sjølv. (Heb. 4.12)

Det er altså Kristus tilhøyraren skal høyre og møte, ikkje forkynnaren eller påfunna hans. Vi har eit  vitnemål frå Arne Garborg om korleis han opplevde guddommeleg mynd då han høyrde Lars Oftedal tala i Nærbø kyrkja. Garborg skildrar korleis dei fordomsfulle tankane han hadde om Oftedal brått vart borte for han: ”Eg visste ikkje lenger kven det var som tala, men han tala til meg. Endefram til meg.  - ..eg sat der fjetra, rådlaus, mest redd; viste ikkje kor eg skulle gjera av meg. Han kom så beint innpå meg. Her var ikkje omrøme.  - Gud betre meg! Mannen hadde rett. Kor kunne ein no gå så tankelaus i verda?”

 

Bandlegg ordet, og heldt Anden borte frå forsamlingane
Aldri har vel den kristne aktiviteten vore større og famna vidare enn i våre dagar. Men kor langt inn når ein hos dei som vert nådde. Det er spørsmålet. Påfunn henta frå den sekulære verda heldt jo på å slette ut kristendommen sitt vesen. Kristen ungdom rek frå det eine ”kristenschovet” til det andre utan omsyn til konfesjonell tilknyting. Det er nedverdigande å sjå kyrkjelydar og organisasjonar kappast om å henge med i svingane for å vere oppdatert på ”siste trend” slik at dei unge kan kaprast for å tryggje institusjonane si framtid.

Tenkjer nokon på alvor gjennom kor det har vorte av den åndelege mynda i dette, eller at ein på denne måten bandlegg Ordet og støyter Anden bort frå  forsamlingane? At aktørane har organisatoriske fullmakter og ryggdekning frå organisasjonsleiarane, ser ein. Men kva med den åndelege fullmakta? Er ingen lenger redde for at artistar, aktørar og instruktørar som eksponerer seg sjølv har tatt over for nådegåvene?

Alle burde vite at slik menneske er i seg sjølv kan det både lokke, suggerere og overvinne svake sjeler med løynske psyko-tekniske metodar. Og sjølv om ein kan få ungdom til å gå inn for det ”nye” med full innsats og ta etter ytringsformer som høyrer sann omvending til, er ikkje dette det same som å bli overvunnen av Guds eige ord. Sjeleleg underkasting er då ikkje det same som overtyding og omvending, og tru tufta på forstand eller kjensle har alltid vore noko anna enn hjartetru fødd av Anden.

 

Fødd av Anden.
Fødd av Anden, uttrykkjer skarpt og klart at det nye livet etter sitt nye vesen er av overnaturleg art og prega av guddommeleg Ande. Dette kolliderer med, vert pint og gret under den verdslege sjelelege larmen. Det heilage samfunnet er eit åndeleg hus med åndelege fødslar, åndeleg liv, åndeleg ljos, åndelege gåver og åndeleg mat og drikke. 

Alt dette er Ordet sitt verk som bind den einskilde til Kristus. Difor skal ein ikkje klusse med Ordet. Det er lytefritt og verkar berre i kraft av sitt eige levande innhald. Ordet kan ikkje forsterkast, forbetrast eller hjelpast utanfrå utan å verte krenkt og svekt. Det er vi som må inn og under Guds handling med og for oss i Ordet. Heile herrevelde, all makt, ære og gjerning er overgitt ved Den Heilage Ande. Dette kan ikkje endrast om Han framleis skal vere mellom oss.

 

 

=====================================================================

 

I  - Frå liv til død.
Av Gunnar Soppeland


Livsløpet til menneskeætta er ei dramatisk historie. Fyrst går det frå liv til død, deretter frå død til liv. Fallet i Adam og oppreisinga i Kristus representerer to avgjerande hendingar som vedgår alle menneske til alle tider.  

Adam døydde både lekamleg og åndeleg. Han vart 930 år, men døyde åndeleg då han synda. Utanfor Edens hage var død og forbanning. Jorda var blitt livsfiendtleg. Lyset vart sløkt og jorda lagt under eit ufatteleg mørke. Men mørket var ikkje endelaust. På natthimmelen lyste ei morgonstjerne og varsla at ein ny dag var i emning.

Stjerna var Guds eige løfte om å krasa ormens hovud. Og alt før Adam og Eva starta sitt nye bitre tilvære, kledde Gud dei i skinnklede frå uskuldig liv som vart ofra. Offeret var Guds handling til liv, lys, framtid og von i mørket.

 

Fallet ”frigjorde”
Fallets dag var ein satanisk frigjeringsdag. Satan freista mennesket til å velje døden framfor livet. Han ”fridde” mennesket frå lysets makt og sette det over i mørkets rike. Det vart ugudeleg omvendt i tanke, ord og gjerning, elska mørket framfor lyset, og det vonde framfor det gode.

Så drepande ”frigjer” synda. Ho heng makabert saman med døden, og bryt berre ned. Der synda rår, gjeld dødens lov. Den er diktatorisk. Kan ikkje avvisast, lurast eller narrast. Kryssar uhindra alle grenser, portar og dører. Kjem kjælande, brått eller snikande. Til slott som til hytte, til ung som til gamal.

 

Har ikkje sans for Guds veg
Synda gjore mennesketanken udugeleg i åndelege saker. Peter viste dette då han reagerte på Jesu ord om lidinga og døden. I fylgje med Jesus ynskte han seg nok radikale endringar både åndeleg og politisk. Men vegen Jesus seier han skal gå reagerar han på med spontan uvilje, og talar han til rette. Jesu veg vart heilt feil i forhold til kva Peter hadde tenkt. Ein sterk åndeleg og politisk leiar med tilhøyrande jordisk makt og glans kunne ha passa betre. (Mark.8:31f)

Men Jesus gjer det klårt at dei som vil fylgje han lyt fornekte seg sjølv og bli knytt til hans eiga liding og død. At dette er vegen, og at vegen inneber dette, er usmakeleg for forstanden.

Menneskeleg sett var Peters råd både klokt og velmeint. Åndeleg sett var han likevel ein satan, - fordi tanken hans var som ormens: Han tenkte menneskeleg opphøging og vinning. Ikkje guddommeleg. I Peters reaksjon møter vi fallets kjernepunkt.

 

Ormens list
Det er to historiske hendingar som skil seg frå alt anna som har hendt. Det er fallets siger over livet og korsets siger over døden. Desse pregar all fortid, nåtid og framtid.

Alt som kunne tapast gjekk tapt i fallet. Meir enn alt vart vunne tilbake på korset. Evig tap eller evig vinning står etter dette på spel for mennesket. Sjansen for dette tapet eller denne

vinninga er i sanning eit svimlande livsalvor, - for dei som ser og veit om det.  

Bibelen seier lite om korleis død og djevel kunne gjera seg gjeldande innanfor det fullkomne. Men på einfaldig vis kan ein lese og skjøne kva våpen og taktikk freistaren brukte med slikt hell.  Ettertida skulle ha fordel av å kjenne til dette, utan at ein i særleg grad synes å ha nytta seg av det. Paulus var redd korintarane skulle bli dåra nett slik ormen dåra Eva med si list.

Kjernepunktet i forføringa var å vende tanken bort frå den einfaldige og reine truskapen mot Guds ord. Bonhoeffer skriv at det nettopp var truskapen ormen var ute etter då han på listig vis, med skjult identitet, åla seg  fram og talte gjennom ein av Guds gode skapningar. I den skapnad som best fornektar hans opphav og vesen, fører han med seg Guds ord og tek til å legge dette ut. For Eva lydde det tillitsfullt. Som ein åndeleg  samtale.

Guds ord har Eva høyrt før. Men nå lurer ormen på om Eva har forstått det rett. I spørsmålet låg ei uhygge som Eva i si uskuld ikkje var i stand til å ta inn over seg: - Var det verkeleg grunn til å reise tvil om kva Gud hadde talt? - Kunne han ha meint noko anna enn det han sa? - Var det opp til henne å finne ut kva Gud eigentleg meinte? (Kvifor støkk du ikkje, Eva, og stivnar av uro og redsle?) Ja! meinte freistaren, og fjerna med dette Gud frå hans eigne ord.

Slik vart Ordet opna og utlagt på satanisk vis.

Raskare og meir effektivt kunne han ikkje nådd sitt mål: Krafta som kunne ha hindra katastrofen låg eine og aleine i at Eva einfelt og liketil hadde halde seg bokstaveleg til det Gud sjølv hadde sagt.

Fallet var eit faktum i same stunda som ormen fjerna den einfaldige truskapen. Då veik  krafta frå Ordet, - og ordet vart gitt eit dødeleg innhald. Grunnen som gudsforholdet var tufta på var borte, og avgrunnen kunne fritt opne seg og lukke seg om heile Adams ætt. Ei livsfiendtleg makt hadde teke det jordiske tilværet i sine hender.

 

Ordet var Gud
Det Gud er og det han seier er eitt. Ærefrykt for Guds ord er ærefrykt for Gud. Den som i dårskap vrengjer på Guds ord, forvrengjer Gud og sitt forhold til han. Over alt der den einfaldige truskapen taper for verdas skiftande klokskap, vert Guds ord styrta ned frå si suverene majestetiske trune. Med tapt truskap legg ein seg i hendene på ein avgud. Om dei ytre formelle truskapsfanene vaiar som før, går ferda vidare med skjult identitet i trå med sin nye førar.

 

Falsk opphøging av menneske
Det teologiske innhaldet i freistinga kunne i dag kvalifisere til teologiske professorat:

Mennesket kjem i sentrum for alt åndeleg liv på jorda og vil representere Guds makt.

Det er djevelens private fall som vert gjort allment. Han er sjølv ein fallen skapning som misbrukte sin opphavlege stand og fridom til å opphøgje seg sjølv til å ta Guds plass.

Overfor Eva gav han ikkje inntrykk av å ville redusere noko av det Gud hadde sagt eller gjort. Han ville berre opne for noko meir; ei forbetring og eit steg til rikare og meir sjølvstendig liv. Freistinga var altså ikkje å stige ned frå sin høge stand, eller bryte gudsforholdet, men å stige høgare. Gjere seg sjølv større. Bli som Gud! Ville bli uavhengig, sjølvhjelpt, kunne meistre livet fullkomme, kunne alt, skjøne alt, eige alt, bestemme alt, m.v.

I lys av denne teologien seier Skrifta at ”Kvinna såg no at treet var godt å eta av, at det var ein hugnad for augo – eit framifrå tre, sidan det kunne gje vit.”   

 

Alt vart omsnudd
Etter fallet vart det som Gud hadde sagt. Mennesket døydde, og vart skilt frå alt det opphavleg var og eigde. Organisk levde mennesket vidare, men åndeleg var det dødt i synd og misgjerning. Herifrå stammar all falsk opphøging av mennesket.  Både i litteratur, musikk, vitskap, teologi og forkynning har mennesket etter dette teke Guds plass.

Opphøginga skal til sist kulminerast i si sanne gru: Antikrist. Han kjem i stor makt i lygn, teikn og under seier skrifta. Folk vert forført til fortaping fordi dei ikkje tok imot sanninga så dei kunne verta frelste. Utan einfaldig truskap til Guds ord er det fritt fram.

 

Ordet vart kjøt.
Jesu liv starta der syndefallet enda. Han vart fødd i syndig kjøts likning og med all den syndige attrå, frykt, fordømming og fiendskap som høyrde til. Dette for å kunne hjelpe

 kjøtlege menneske som var selde som trælar under synda.

”Er du Guds Son, så stig ned..”, spotta folket, og forakta veikskapen han viste på korset.

Heilt til det siste vart han freista til å snu fornedringa med ei handling som svara til det folket forventa av ein som kalla seg Guds son. Dei såg inga meining i Guds lidande tenar,  - Guds offerlam som vart ført til slakting.  

Dermed skjøna dei heller ikkje at han var Snåvesteinen alle opphøgde skulle banne og erge seg over, fordi dei snåvar, dett og skamslår sitt opphøgde sjølvbilete på denne steinen. Ikkje berre gjer slikt vondt. Det hindrar og travle, effektive aktørar i å realisere sine draumar.

Difor vraka dei han. Fyrst dei eldste, øvsteprestane og dei skriftlærde, som så brutalt fekk

hyklarskapen avdekka. Deretter Peter og læresveinane.

Alle ville sett noko anna enn dei såg, høyrt noko anna enn dei høyrde, og fått noko anna enn det dei fekk. Dei ynskte så vel han skulle passa betre inn i det dei sjølv trong til; å stige høgare og høgare i eigne augo.

 

Vraka av Gud
Jesus vart og vraka av Gud, fordi han var ein av Adams falne ætt. Han svara for synda som om ho var hans eiga. Tok oppgjeret med far sin for heile slekta. Det var Gud som kravde, og det var Gud som gav. Kristus hadde eit våpen mot synda som kunne fjerna henne. Blodet hans reinsar frå all synd. Alt som skilde, dømde og opptende Guds vreide var borte og kunne ikkje meir kallast fram.

Jesu død var synda, døden, djevelen, verda og sjølvlivets overmann. I døden tok han også med seg  livet vårt. For han var døden enden på hans jordliv. For oss starten og inngangen til vårt nye liv i Guds rike. Mellom sjølvlivet (det naturlege mennesket med alt sitt vesen) og det nye livet står Jesu død som det store salige skilje.

 Fortsettelse:   II - Fra død til liv

 

======================================================================

 

 

II    - Frå død til liv      
Av Gunnar Soppeland


Bibelen skildrar som nemnt livsløpet som ein overgang frå liv til død, og frå død til liv.

Død tyder altså ikkje at det er ute med alt, men at alt blir endra. Etter døden kjem udøyelegdom. Pinefull eller sæl. Forskjellen ligg i korleis ein lever og døyr. I Adam eller Kristus. Dei som lever og døyr i Kristus er eitt med heile hans person og verk, og sette inn i eit døds- og livssamfunn med han. Hans død er eit avgjort skilje med djevelen, sjølvlivet,

- og verda sitt vesen, innhald, tankegang og metodar. Slikt vert utestengt frå Guds rike.

Verknaden av livssamfunnet er at dei ikkje lenger lever for seg sjølv, men i nytt forhold og kjennskap både til Kristus og kvarandre. Dette skriv Paulus til korintarar som berre har få års tidsavstand til heidenskapen.(2.kor.5:14ff.)

Alt det nye vert gitt ved evangeliet. Å få smake ”Guds gode ord og kreftene frå den kommande verda” (Heb.6:5) gir avsmak på denne verda. Til klårare ein ser det nye, til meir fjernar eins indre liv seg frå det gamle.


Menneskets
- og Guds veg
Døds- og livssamfunn med Kristus er ein radikal verknad av evangeliet. Ein kan ikkje gå frå død til liv, frå mørke til ljos utan at det får radikale følgjer. Når eit evangelium manglar evangelisk verknad, er det grunn til uro. Hos galatarane veit vi Kristi evangelium vart forvrengt. Der vart Guds veg til mennesket bytta ut med eit evangelium om mennesket sin veg til Gud. Guds veg er bestemt ut frå menneskets objektive behov, og difor ukjent. Den andre vegen vert derimot bestemt ut frå det søkjande mennesket sitt subjektive behov og synspunkt.

 

Testspørsmål
Skal vi for alvor finne ut av vår eiga stode, nyttar det ikkje å vurdere den åndelege situasjonen ut frå nominell vekst i det kristne arbeidet. Vi lyt faktisk sjå kritisk på kva veksten kjem av, og prøve fruktene på Guds ord. Dvs: Om det er Kristus som viser seg levande og verksam mellom oss, slik alle håpar, eller om det er andre skjulte mekanismar som rår grunnen.

 

Ufarleggjering av det Bibelen kallar farleg, er då kanskje det farlegaste ein ser.
I dag seier og meiner mange kristne leiarar det same som samtida om t.d. ekteskap og skilsmål, homofili, sambuarskap og likestillingsideologi.(Eg brukar ikkje spalteplass på omfanget). Ikkje berre seier dei det motsette av Ordet. Men dei brukar det motsette slik at ei  einfaldig forståing av Ordet vert feil og diskriminerande.

Respekten for ordlyden i Bibelen vert mindre enn for ei avis. Og er det verkeleg så at Paulus fram til vår tid skulle ha uttrykt seg på ein slik måte at alle har oppfatta han feil, vert sjølvsagt bibelen meir forvirrande enn oppklårande og heilt ubrukande som livsgrunnlag.

Den 12. og 14. okt. skreiv Per Bergene Holm to klårgjerande artiklar i Dagen om ”Faderen og Sønnen mannen og kvinnen”. Der viser han Ordets siktemål med tenestedelinga. Dei praktiske tilvisingane hos Paulus vert i lys av dette nærast sjølvsagde. Er det verkeleg muleg å endre eit prinsipp som er grunngjeve i guddomen, utan å øydelegge den heilage samanhengen ein elles vil stå i?   

 

Alvorlegare avvik
Dette kan likevel berre vere toppen av eit isfjell. Merkeleg nok er det nærast tabu å bekymre seg for gudsforholdet til dei som vik av frå skrifta. Men er ikkje det truga, kva er det då ein uroar seg for? Haldninga til Skrifta viser sjølvsagt att i handling, og sann eller usann erkjenning vert styrande for det ein utrettar.

Fråfall tyder ikkje at folk sluttar å ordne seg med Gud, men at dei ordnar seg feil. Det vert ei ordning utan hjarteomskjeringa i Anden. Under det store fråfallet i Israel vart krav om omskjeringa fjerna frå tempeltenesta.

I Esek.44:7ff, talar Herren og seier: ”De har late framande, med uomskore kjøt koma inn i heilagdomen min..”. Dei hadde overlete det Gud ville ha ivaretatt til heidningar.  Når hovudsaka i templet vart det menneskelege og ikkje det guddommelege, kunne dei sanne levittane berre fare. Dei klarte seg betre med uomskorne. Kanskje dei tilførte fråfallet mykje nytt og spennande frå heidningverda.

 

Katolsk/karismatisk magi
Trass i at mange forkynnarar i dag er utdanna som spesialistar i kristendom, er det mykje uklår forkynning om det å bli ein kristen. Mange meiner alle barnedøypte (meir eller mindre) er kristne, mens andre meiner alle kan vere kristne, om dei berre vil. Det sprikjer altså ein del frå katolsk magisk sakramentforståing, til magisk karismatisk; ”ta eit standpunkt”.

Mange går langt i å tale om synd og syndeforlating. Synd som talaren og forsamlinga framleis meiner er synd, krev dei grundig vedkjenning av og oppgjer med. Men samvit som er dømde av anna enn det fleirtalet i forsamlinga aksepterar som synd, er det ikkje lenger rom og tilgjeving for.

Den konfesjonelle læra forkynnaren vedkjenner seg, kan og vere forskjellig frå det han i praksis legg vekt på og får applaus for i arbeid og forkynning. Det han legg vekt på, fører han så saman med forkynnarar frå ulike konfesjonar under fellesnemnaren: - Søkjande menneske sitt subjektive behov og synspunkt.

 

Fri vilje
Fellesnemnaren er det menneskelege, det synlege og det følbare. Her stansar ein og finn trøyst i at Gud ynskjer at alle menneske skal bli frelst. Ved tilgjeving og fornying kan ein urettferdig bli omdanna til ein rettferdig. Nåde vert forstått som nådeverknad og innvortes forandring av naturen. - Typisk katolsk, kan ein seie. Men vanlegare hos reformerte og lutheranarar enn vi trur. Ikkje underleg vegen frå det eine til det andre er blitt så kort.

Sentralt i dette står trua på den frie viljen. Har ein berre bestemt seg for å høyre Gud til, kan ein og ha eit romsleg forhold til han. Viljen og det gode sinnelaget smeltar Guds hjerte så han vert barmhjertig og overberande, og han gir villig den støtte og kraft tilbake som ein ber om. Ein kan til og med ha sett seg det høge mål å bli i stand til å utrette mest det same som Gud.

Dei oppfattar ikkje Guds ord og vilje absolutt, og ser ikkje at deira eigen vilje er makteslaus ovanfor eit syndig og vondt hjarte som elskar det vonde og hatar det gode. Dermed vert heller ikkje Kristus absolutt sentral og grunnleggjande. Evangeliet er noko ein enkelt, lett og liketil  forstår. Jesus gjorde jobben med synda, og er eit nødvendig middel mot målet. -That’s it.

Men Kristus er ikkje noko mål i seg sjølv, som trøysteslause syndarar må skjule seg i, slik at han blir alt og syndaren ingenting.

Læra om den frie viljen er ei hyklerisk ubibelsk historie om eit vondt tre som bestemte seg for å bere god frukt. Ein vil oppheve syndefallet utan å vedgå kva syndefallet inneber.

 

Guds veg
På Guds veg gjeld berre det usynlege ein eig i Kristus, av nåde ved tru. Denne visdommen kan ein ikkje ta seg til når, eller slik det passar ein sjølv. Det er eit mysterium utan tilgang for andre enn dei Gud sjølv vil openberre han for. Denne gjev full frelsesvisse, fridom, glede og tryggleik, midt i anfekting, trengsle, sorg og fare.

Paulus si omvending vert ofte brukt som døme på ei solid omvending. Det som sjeldan vert   nemnt (fordi det så sjeldan skjer?) er at dette handlar om ein eigenrettferdig som vert rettferdig. 

I omvendinga vart alt Paulus akta for vinning til tap. ”Eg døyde”, vitnar han. Han vart gjort så totalt til inkje, at han ikkje hadde noko att å begynne med. 

Då alt var ute, kunne Gud begynne. Så vart livet Kristus, og døden ei vinning!

Heile romarbrevet, men særleg kap. 7 til 10, tek oppgjer med eigenrettferda og den frie viljen. Fornufta berre fnyser over ei framstilling og fordeling av frelse og dom som den, at heidningane som ikkje søkte rettferd, fann rettferd. Medan Israel som i stort alvor søkte si eiga rettferd, vart forkasta.

”Så stor er Herrens nidkjærhet for sin rettferdighet og Lammets ære” seier Rosenius.

I følgje romarbrevet er rettferdiggjeringa basert på at Gud i Kristus erklærer syndaren rettferdig ved tru åleine, utan føregåande eller etterfølgjande gjerningar.(Kp.3-5) Alt vert nåde over nåde, og trua kan trone høgt over både kjensle og forstand.

 

Ikkje noko val
Når hjarta er overtydd av denne sanninga, er det bunde. Guds born har ikkje lenger noko val. Lem kan ein ikkje vere når ein vil. Det er lekamen som disponerer lemmene.

Det er ein fantastisk fridom i å ikkje ha noko val! Vere utvalt til det høgste og det beste under alle forhold. Det beste smakar rett nok ikkje alltid best. - Kan til å med vere det ein i livet opplevde som mest vanskeleg. Men sjølv det ein opplever som verst er i Guds hand dømt til å tene det evig beste.

Nytt liv inneber ei total endring i forhold til alt. Livet i kjøtet har mista all si meining, og er å  akte som tap. Men det nye eig ein berre i trua. Ikkje i seg sjølv. Og berre i trua er det verksamt. Vi har sett at Kristus har drege syndaren med seg inn i alt sitt. Frelste syndarar er dermed dregne inn i det Kristus har føre i tida. Saman med han er dei - utanfor leiren, og ber hans vannære!    

 

=====================================================================

 

Kristen i, men ikkje av tida.
Av Gunnar Soppeland


I det kristne arbeidet er det alltid spenning mellom det tidsmessige og det tidlause.

Augustin skal ha sagt at den guddommelege arkitekten nyttar seg av periodiske stillas for å oppføre ein bygning for æva. Han tenkte då på dei kortvarige eksterne statane og kulturane  som oppstår og forgår. Dette er tidsbestemte instrument som gjennom tidene har gitt guds folk svært forskjellige rammevilkår. Frå martyrium til privilegium.

Kva som nett nå er tenleg eller uunngåelig å skikka seg etter, er ikkje alltid lett å bli klok på. Like fullt, denne klokskapen er og blir avgjerande for ettertida. Verknaden av kloke eller ukloke val er som ringar i vatn. Dei kan ikkje stoppast.

Alle kan vere etterpåkloke, og i ettertid komme med ros eller og ris til historia.  Men det brennande spørsmålet vil alltid vere om ein kristen er, skal, eller ikkje skal vere barn av si eiga tid.

 

Tida og det tidlause
Det er inga lett sak å skilje forklaringa på seg sjølv som kristen, frå forklaringa på kristendommen i si eiga samtid. Det krev fråstand til tida og nærleik til det tidlause. Ein kunne nemne utallige personar frå skrifta og historia som berre kortvarig var i ei stor synleg oppgåve,  medan resten av tida gjekk med til oppgåva å vere avsides og åleine med Gud.

Då Moses ville sette livet inn på å hjelpe folket sitt frå undertrykking, vart han utstøyt og skilt frå dei i 40 år. Avsides i ørkenen vart han omskolert for i nye 40 år å leie dette folket bort frå fangenskapet. Her ser ein korleis den guddommelege arkitekten brukar både folket si utstøyting og  Farao si forherding som stillas for å sette sitt igjennom. 

Tidsmessig utdanning kunne Moses fått ved Faraos hoff. Men tidlaus opplæring var det han trengte til i oppgåva, og levde i læretida på lang avstand frå dette hoffet.

Ser ein på Guds danning av Israelsfolket, levde dei gjennomgåande avstengt og isolert frå omverda, og deira innverknad på omgivnadene var mest alltid kontroversiell. Særleg når dei bøygde seg for si eiga utveljing som gudsriket sine representantar. (Jfr.Heb.11) 

Nedturane og tilbakegangen kom då dei heller ville tilbake til kjøtgrytene i Egypt enn vidare til landet med melk og honning, eller då dei ved seinare høve prøvde å dempe det støytande og bli som dei andre folka. Innføring av skikkar frå heidningverda var ei av årsakene til øydelegginga av Salomo sitt tempel.

 

Nyreligiøsiteten er ufri.
Same åndelege prinsippa gjeld og i dag. Kampen står om å bøye seg inn under si eiga utveljing, eller bli som verda. Nyreligiøsiteten liknar mest det siste.

Folk som let seg fange av denne kjem inn i ein ufri tilstand som er verre å komme ut av enn svartaste verda. For sanninga er farlegare for det fordekte mørke, enn for det nakne. Eit mørke med mørk identitet er i det minste ærleg. Men mot mørke omkledt i lysets klede, er sanninga nådelaus.  Sann kristendom manifesterar seg difor ovanfor det usanne slik Fredsfyrsten gjore, som ein fredsforstyrrar og gledesdrepar. Men som Kierkegaard seier, kristendommen er ikkje tungsindig. Den er tvert imot så gledelig at den er det glade bodskap for alle tungsindige. Berre den lettsindige og trassige kan den gjere mørk i sinnet.

Nyreligiøsiteten er og antinomistisk og set all forstyrring av det naturlege mennesket si religiøse sjelefred i bås med sjølve synda.

 

Bryt med basis, men ikkje med kristendommen.
Nyreligiøsiteten er ikkje moderne i den forstand at den moderniserar bibelen og vedkjenningsskriftene. Det tidstypiske ligg først og fremst i at den objektive basisen i desse skriftene ikkje lenger er autoritativ. Motsetnader som bibelen skil frå kvarandre vert av nyreligiøsiteten ført saman i Guds namn, og den tillet seg å bryte med kristendommens basis, utan å vilje bryte med kristendommen eller kristennamnet.

Forskjell på rett/urett, ekte/falskt vert ikkje definert slik at forhold kan sporast tilbake der dei høyrer heime. Om ting fungerar og kjennest gode ut, er alt greitt. Ingen vågar tru at eit ”gode” og kan vere demonisk. Er resultatet ytre  vekst og framgang, vert dette automatisk rekna som  framgang for Guds sak..

 

Utanom det ”gode” selskap
Det vanskelege ved Guds evige ord er ikkje å lære, lese eller skrive det, men å anvende det så konkret som det gjer krav på å bli anvendt i tida. Det er i bestemte situasjonar, til bestemt tid og stad, at nålevande opplever Ordet som eit verkeleg inngrep i livet.  

Denne oppgåva fører ofte til skepsis og utestenging frå det ”gode” selskap.

Mang ein profet måtte lide i einsemd under syner av eit gradvis utglidande og sviktande åndeleg eksistensgrunnlag i folket , medan ei suksessrik men falleferdig fasade stadig vart pussa opp i tidsriktige fargar.

Men lidinga kunne aldri hindre eller hemme profetoppgåva,  - det var heile tida klart at både åndeleg og fysisk liding høyrde denne oppgåva til.

 

Tidstypiske trendar
I den grad det er muleg å bestemme og karakterisere si eiga samtid eller avgjere kor vekta av det kristelege engasjementet ligg i dag,  kan ein vel seie at institusjonalisering i alle retningar er framtredande. I alle fall er det tydeleg at forsamlingsformer og etteraping av tidstypiske trendar er mykje i fokus, og ein bryr seg meir om det tidsmessige enn det tidlause.

Dermed vert alt snudd på hovudet.

Dette skjer medan den nyreligiøse tidsånda svevar like fritt inn i dei tradisjonelle strukturane som i dei nye strukturane denne ånda sjølv har danna. Stengde eller opne dører ensar denne ånda ikkje. Ho veit å te seg slik at ho når sine mål.

Her tør ein kanskje minne om at Guds rike ikkje lar seg påtvinge ytre strukturar i  strid med dette rike sitt vesen. Borgarlege innretningar er i seg sjølv ingenting. Brukbare er dei berre i den grad dei eignar seg til å gi evangeliet fritt løp i folket.

Ein må ikkje gløyme at evangeliet sjølv faktisk er i stand til å gå sine eigne vegar og danne sine eigne former utan hjelp eller diktat frå snevre tidsbundne menneske. Evangeliet vil sjølv  velje seg ut dei augo, øyro, munnane og hendene det vil bruke, og bane sine eigne vegar og styre dei føtene det treng for å ta seg fram i tida.

Det store spørsmålet for oss nålevande er om evangeliet finn det vi kallar våre opplegg tenlege. Det skal ein ikkje ta for gitt. Det vi kan ta for gitt,  er at evangeliet ikkje går i spann med nyreligiøse ånder og evangelium.

 

Kor kjem det nye ifrå?
Med tradisjon tilbake til gjennombrotet for lekmannsrørslene forventar ein at det nye ein i dag satsar på har i seg noko meir enn det gamle som skal fortrengjast.

Ein må difor kunne spørje kor desse nye momenta kjem i frå, som skal bringe kristendommen vidare til nye generasjonar, og om det er nye profetiske visjonar leiarane nå styrer etter.

I fjor sommar vart det frå ImF hald uttalt til Dagen at  KFUM-K ”skal ha ære for at de har kommet på mye kreativt og på den måten gått foran, ..”  Dette var ein oppsiktsvekkjande  reaksjon på den nye leiaren i KFUM-K som hadde vist til at dei mange gonger i historia hadde gått fremst, mellom anna i bruk av dans og trommer, og at andre seinare kom etter.

Dei som kjenner debatten om KFUM-K sin kontroversielle bruk av verkemiddel veit at desse skriv seg frå ein kontroversiell teologi, slik og deira utspel i fjor sommar viser. Er det ikkje naivt å tru at ikkje denne teologien vert smugla inn saman med verkemidla, eller at ikkje denne teologien er ein føresetnad for å ta desse verkemidla i bruk?

Såkalla lovsongsmøte, lovsongsdans, drama og show har både ImF og NLM tatt i bruk.

I ettertid vert det gjort forsøk på å forsvare bruken av dette med døme frå bibelen.

Men alle veit at desse fenomena er henta frå dei nyreligiøse karismatiske rørslene og at kimen i desse rørslene er naudsynleg for at fenomena skal fungere like godt i ImF som i trusrørsla og New Age. Denne religiøsiteten fungerer umiddelbart for alle idet ein opnar seg og overgir seg til atmosfære og stemning. Det er likegyldig kva som vert sagt eller gjort. Tungetale og kjensler av åndeleg fylde og glede fungerer utan omsyn til kva lære som står bak.

 

Lovsong med handikap
Til klårare Kristus lyser for ein, til meir avhengig og oppslukt vert ein av han, og til sterkare reflekterer han seg gjennom vår personlegdom.  Å høyre røysta hans, og i livet vere hans etterfølgjar, seier mykje meir enn all lovprising og dansing for han.

Lovprising av Kristus er tvert om ei himmelropande motseiing om ikkje Kristus har ei tilsvarande makt over livet. 

Ulike variantar av lovsongsmøte set nå preg på kristne arrangement. Ein skulle då forvente å finne eit kristenfolk som for Kristi skuld valde bort sjølv det minste av det som er i strid med Hans huglag og som vanskeleg let seg kombinere med dette. Men slik er det ikkje. Og misforholdet er aukande. Det tykkjest ikkje lenger vere grense for kva tvitydige omgivnader kristne finn seg til rette i og trivs i.

Fedrane song og lovsongar.  ”Å, at jeg kunne min Jesus prise som jeg av hjerte dog så gjerne vil,” vart det sunge vers av på mest alle vitnemøta.

Det var lovsong med overvekt av alvor, sungen i moll. Misforholdet mellom vilje og evne var ein del av den kristne lidinga i verda. Så lenge tunga var festa til kjøtet var det ikkje naturleg å te seg som om tunga for evig var løyst.  Alvor og ansvar låg under. Både før og etter kunne tunga så lett vitna om det motsette.

Dette viser noko av skilnaden på lovsongen før og nå. Og avgjerande for kva for ein Gud som eigentleg vert lovprist.

 

======================================================================

 

Å sigle med- eller motvinds.
Av Gunnar Soppeland

Enten ein tenkjer at tida kjem eller går, susar vi alle av stad gjennom eit stadig skiftande ytre. Liv og rørsle heng saman. Ansvaret er å fremje eiga rørsle i rett retning slik at målet for livet kan nåast. Ikkje fyrst og fremst ved å styre og kontrollere, men ved å bli styrt og kontrollert av Guds gode tanke og mål for den enkelte. For eit lite menneske, plassert i ein uendeleg stor heilskap, strekk det vesle vitet ikkje til.

Tid og rørsle heng og saman. For kvart sekund vil ei rørsle enten nærme seg eller fjerne seg frå målet. Eit hårfint kursavvik treng mest ikkje merkast. Før ein anar kan målet vere tapt. Er det tid til rådvelde, kan ein snu og finne tilbake til den rette leia. Men er tida knapp og vegen tilbake for  lang, er det ute med alt. Dei fem uvituge bruremøyane rakk som kjent ikkje å kjøpe ny olje innan døra vart stengt. Dei vakna, men for seint.

 

Har ingen tenkt å snu?
Ei underleg side ved vår åndelege stode er at så mange trur dei kjem dit dei ynskjer seg, og at leiarar trur eit arbeid er godt og leiinga god berre ein vil det gode.

Sjøfolk snakkar om avdrift. Havstraum og vind er då sterkare enn båten si eiga framdrift. Det nyttar såleis ikkje med utstaka kurs om båten manglar kraft til å fylgje kursen. 

Erfarne kristne har peika på at utviklinga innan det kristne arbeidet i dag går i feil retning i forhold til kursen fedrane staka ut. Tankar om at vegen fram kan vere vegen tilbake, - til same lys og kraft som fedrane hadde, når ikkje fram.

Av åndeleg lys kjem overtyding, innsikt, kraft og mot. Kristenfolket delte seg tidlegare i ulike båtlag fordi dei tenkte ulikt om kurs og lei. Ansvaret var stort. Men det var stødig framdrift trass sterke straumar og  motvind. Uredde leiarar stod ved roret og følgde kursen nøye.

I dag krusar fleire og fleire feigt saman,  - medvinds i tida sitt lærdomsvær. Feigt er det fordi ein sikrar seg styrke i mengda. Og feigheita berre aukar fordi ein stadig fostrar feige og fælne leiarar som går den leia vinden blæs, og tek om bord passasjerar som krev ein komfortabel overfart. 

I Ordet og trua sitt rike går ein motvinds på kollisjonskurs med det synlege og sanselege. Dette fostrar truskjemper som trassar dei naturlege elementa, - som då Peter gjekk på vatnet.

Det sekulariserte Israel vert samanlikna med sølv blanda med slagg. Slagg er mengdevare og i seg sjølv utan verdi. Når sølv vart blanda med slagg vart sølvet likare slagget og slagget likare sølvet.

Profetane brukte dette som døme på åndeleg undergang fordi det menneskelege og det åndelege vert blanda saman. I Guds nærleik vert slagget smelta ut. Sølvklumpen minkar då i volum, men den aukar i verdi. For dei som har teke opp i seg mykje åndeleg slagg kan slik prosess bli smerteleg. For menneskeauga er det å vere mange ein verdi i seg sjølv ein helst ikkje vil misse.

 

Evolusjonskristendom
At fedrane kunne ha større lys og kraft enn vi har nå, er ein framand tanke for mange.  Dei ser på kristendommen som ein vedvarande historisk prosess der dei sjølv er på toppen av utviklinga. Fedrane representerte tilbakeståande former for kristenliv.

Berre gradvis er kyrkjelyden tilført innsikt i nådens hushald. Det vert hevda at Luther kom med rettferdiggjeringa, Wesley med heilaggjeringa og Barrat med åndsdåp og nådegåver.

Trusrørsla ser på seg sjølv som summen av det føregåande og ter seg som ei kjempe med større makt og  innsikt enn fedrane til saman hadde. Dei tenkjer seg å vere Guds perfekte representant i endetida.

Denne haldninga opnar for ein prinsipiell slingringstoleranse i forhold til fedrane sitt lys, og gjev høve til modernisering og tilpassing til nye openberringar.

I ”Flammende ild” nr. 5, gjev Envald Flåten oss sine tankar om dette. Om ”Menighetens fremtid” kan ein lese, at Gud til sist har tenkt å vise verda kven han er gjennom ”menigheten”. Før Jesus kjem att skal han sette i verk ei gjenoppretting: ”Han kommer til å gi oss kraften tilbake, så vi kan forkynne evangeliet med tegn og under. Han kommer til å gi oss herligheten og renheten tilbake, så vi kan bære med oss Guds nærvær hvor vi enn går. Og han kommer til å gi oss autoriteten tilbake, så vi kan løse verdens bånd og lenker, og på den måten demonstrere evangeliet med overbevisning. Mer enn noe annet kommer han til å gi oss kjærligheten og enheten tilbake, så vi igjen kan si til menneskene rundt oss: Vil dere kjenne Faderens hjerte? Se på oss!”

Til denne historia høyrer og sterke hyrdar med. Når forsamlinga aksepterer leiaren sin, vil det skje ei overføring av liv og salving. Men slik overføring kan ikkje skje utan full godkjenning av leiaren. E.F. seier: ”Når folket sier: ”Denne mannen er utvalgt av Gud. Han elsker meg, han bryr seg om meg, han gir meg føde, han tar vare på meg, han ber for meg. Jeg merker kjærligheten, jeg merker atmosfæren,” oppstår en relasjon mellom hyrden og folket. Denne relasjonen vil automatisk begynne å produsere frukt.”  

Etter mi meining skildrar E.F. her slike leiarar som folk i endetida skal ta seg i mengdevis fordi dei klør dei i øyrene. Det er leiarar som tek andre sine liv i eigne hender. Dei ter seg som om dei har direkte inngang til andre menneske. Døds- og livssamfunn med Kristus formidla gjennom lov og evangelium kjem ikkje i mellom. Dei lovar eit liv i medvind med alle fordeler; framgang, helse og velstand, i staden for eit liv i motvind kor ein har sagt frå seg alle fordeler og valt liding og kamp. 

Overhyrdingen er sett til sides. Leiaren, eller verksemda, er sjølv mål for det dei gjer. Leiaren vert ein avgud som forskræmde menneske tilbed og underkastar seg. Han avsannar ikkje evangeliet, men meiner han med sine gåver kan føre gudslivet over i meir fullkomne livsformer.

Dette er noko av bakteppet for trusrørsla si eksponering. Ein kan og vise til tidlegare reportasjar i Dagen om syn på sjukdom/helbreding, sletting av gjeld, Jesu blod til vern for bilar, historier om gulltenner, gullstøv og liknande.

Isolert sett kan dei nok vise evne og vilje til bønnetiltak, evangelisering, forkynning og misjon som imponerar. Men sett på bakgrunn av sjølvforståinga og teologien som ligg bak, kan det like godt vere ei katastrofe.

Både sann og falsk kristendom er stort sett lik i det ytre. Alle brukar bibelen, trur, ber og vitnar. Men det er ikkje uvesentleg at ein og tenkjer bibelsk om desse tinga. Når ein tenkjer at ein får kraft, frelse og siger fordi ein trur, bed og vitnar, vert det heile menneskeverk. Såkalla bønnevaker, der t.d. bøn om siger i fotball er bønneemne, er og utslag av slik villfaring.

 

Dreie medvinds
Der eige verk ikkje er dømd, og eiga kraft ikkje er broten, vil evna til å skikke seg etter Guds vilje overvurderast, og den falne naturen undervurderast. Ein kjenner då ikkje Guds heilage vesen, og har unngått alvoret i at alt i Guds rike er av uforskyldt nåde.

Derimot er alvoret i eiga stode  forsterka. Ein går lei av evangeliet og ropar på endring. Enkelt og effektivt meiner ein å kunne rette opp manglar ved arbeidet og få alt til å fungere betre.   Nye oppskrifter på kyrkjevekst samlar interesse. Samfunnsvitskap, kommunikasjonsmåtar og marknadsføring er stikkord. Kunsten er å finne fram til dei verkelege problema i verda, og tilpasse bodskap og arbeid til desse. Dermed får ein meir og meir vit på dei forbigåande tinga i livet, og vert ekspertar på terapeutiske og underhaldande  verkemiddel. Nåden vert sett ut av kraft, medan dei ytre resultata tilsynelatande viser stor styrke.

 

Refleksjon, ikkje prestasjon.
Den verkelege åndelege røynda er openberra i Skrifta. Der har Gud handla for og med sitt folk, og berre der vert syndarar hjelpte. Kristi liv og gjerning for oss vert viktigare å utforske enn vårt eige liv og gjerning for han. Det siste er ein refleksjon, ikkje prestasjon.

Dei første og største av Anden sine frukter som kjærleik, glede og fred, kan aldri oppstå av seg sjølv eller finnast og bestå i seg sjølv. Dei blir til, vert kalla fram og veks under erkjenning av evangeliet sitt innhald og meining. Kristus er grunnvollen for trua, Ordet og Anden årsaka.

 

Sanne hyrdar
Det var på korset Kristus avvæpna maktene og herredøma og synte dei ope fram. På korset kvilde alt på Kristus åleine. All anna makt, mynd og hjelp vart avkledd og framstilt som udugeleg.

Ein sann hyrding er kjenneleg på at han verkar ved korsets kraft.

Dei falske hyrdingane roste seg på ytre kjøtleg vis. Dei forkynte ein annan Jesus, formidla ei anna ånd og eit anna evangelium. Paulus såg dei på som veik. Det Paulus nærast i dårskap brukar mot desse, og for å legitimere seg som Kristi tenar, er all motvinden; ein sum av overmenneskelege lidingar både på kropp og sjel. Det var i dette han likna mest på han han var tenar for. Jfr. 2.Kor.11.ff

Vitnemål om Kristus utan kontakt med Kristus, er inga kristen vedkjenning. Sanningsvitne er berre den som har fått augo opna, er overtydd, og har sanninga som styringsfaktor i livet. Kristendom i medvind har i seg sjølv inga framdrift og ein veit ikkje kor den fer av.

Men lutra kristendom er ei makt som tek tak i personlegdommen og bryt seg fram trass all motvind og sterke straumdrag.

Minke i volum, men auke i kraft. Kunne det vere ei utfordring ved eit årsskifte?

 

======================================================================

 

Bruke Ordet, eller Ordet bruke oss?
Av Gunnar Soppeland

Både bibelen og historia viser at Guds rike går fram, - mot alle odds. Israels utveljing og  eksistens er prov på suveren suksessiv leiing og underhald ovanfrå. Heilt frå Abrahams tid går det ei ubroten rekkje av historiske under fram til dette uvanlege folket, som lever i det uvanlege landet og i dag er i brennpunktet for heile verdas merksemd. Sjølv i si forherding er dei elska for fedrane skuld, og er under Guds herrevelde.

Guds herrevelde kviler på skuldrene til han som ber namnet Under, Rådgjevar, Veldig Gud, Evig Far og  Fredsfyrste! (Es.9:6) Han er suveren i alt og til alle tider. I sitt eige frie råd har Gud fastsett ein frelsesplan. Den omfattar alle folkeslag og vert gjennomført som han vil, når han vil og ved kven han vil.

Ved Israels fall kom frelsa til oss heidningar. Men ljoset frå evangeliet er i ferd med å flyttast, etter å ha opplyst ei verd i mørker og dødsskugge i snart 2000 år.

Israel er tilbake på slagmarka. Den spente politiske situasjonen i og omkring landet er ikkje i første rekke av politisk eller militær art, men åndeleg.

Vi ventar nå på det store underet: At Israel omvender seg, og handlar ut frå si særeigne stilling som Guds utvalde folk. Ennå vel dei å sikre seg reint verdsleg ved militære og politiske verkemiddel og alliansar, i strid med sitt eige opphav og historie.

 


Trua og livet
Med denne innleiinga ynskjer eg å peike på at grunnvollen for alt liv og arbeid i Guds rike til alle tider er tufta på dette: ”Men den rettferdige av tru, skal leva. Og dersom han dreg seg unna, har mi sjel ingen hugnad i han.” Heb.10:38.

Berre trua ser at verda er skapt ved Guds ord, og at alt det synlege har blitt til av det usynlege. Det usynlege er Guds evige vesen, hans kraft og guddom. Det synlege er verket av hendene hans. Gud er både føresetnaden for alt, og årsaka til alt.

I Heb.11, ser vi mange døme på korleis trua ser og reknar og kva dette gjorde med livet til dei truande. Vi kan merkje oss at det usynlege alltid var overordna det synlege.

Både i det personlege livet og i forsamlingslivet er trua sin reknemåte avgjerande for måten  ein innrettar seg og ter seg på. Vert ein freista til å rekne på verdsleg vis, kan ein gjere uboteleg skade.

Korleis ein enkeltvis skal te seg i vitnetenesta, går vi ikkje nærare inn på her. Understrekar berre at der ein av naud og kjærleik søkjer å vinne menneske, er fridommen like stor og mangfaldig som tilhøva. Eigne reglar, ry eller ære må sjølvsagt ikkje stå i vegen. Berre evangeliets heider og ære må stå fast.

Slik må vi oppfatte Paulus når han skriv at han for alle har vorte alt, så han i det minste kunne berge nokon. Sjølv om han ute blant jødane vart som ein jøde, var det heilt på eigen kostnad og ikkje på kostnad av evangeliet. Evangeliet kunne ikkje endrast utan å tape si frelsande kraft. 

Men i forsamlinga er mandatet bunde. Her vil Herren vere alt for alle. Og Paulus seier til galatarane at om han i forkynninga prøvde å vere menneske til lags, då var han ikkje Guds tenar. Forsamlinga er Kristi lekam. Kristus er hovudet som styrer utdelinga av Ordet ved lemmer han sjølv dannar og disponerar.

 

Kommersiell tenking 
I dag høyrer vi om kristne veksttiltak med særs gode odds. Desse hevdar å vere konservative i teologien, men liberale og rasjonalistiske i forma. Dei skil seg tilsynelatande frå liberal og svermerisk teologi som utformar ein rasjonell kristendom. Trass det ulike er dei likevel svært så like. Båe har flytta fokus frå korleis Ordet nyttar mennesket til korleis mennesket nyttar  ordet. I praksis tyder det moderne kommersiell tilrettelegging og marknadsføring av  kristendommen.

Eg skal berre gi eit lite glimt av korleis kommersiell tenking kan sjå slik ut: Næringslivet blir til tider gjesta av vismenn som lanserar vekstfremjande idear. Somme aktørar klarer å skaffe sitt eige gjetord stor merksemd, og særleg veike verksemder grip til deira assistanse. Men mange vert skuffa. Synlege problem, som kjem av ukjente grunnproblem, vert rett nok for ei tid kurerte med til dømes smile- og latterkurs. Men grunnproblema lever vidare, - som vismennene. Den eine bana berre veg for den neste.

Det seiest at ein stad der tilsette fleire gonger var drilla og omdrilla, laga dei seg omsider eit lite varsku når ny trend var på gong: - Move over, here it comes again!    

Nøkkelfaktorar i kommersielle føretak er  kontinuerleg omstilling og marknadsretting av organisasjon, verkemiddel og produkt. Normalt skjer dette gjennom ein sereigen dynamikk i samspelet mellom produkt og marknad: Det som er godt for kunden, er godt for føretaket. Tilfredse kundar er lojale kundar, ein tenar pengar på dei, og dei anbefalar så gjerne det dei likar til andre.

 

Er trua kommersiell?
Når kommersiell tenking med hell kan nyttast i kristne føretak, reiser det ei rekke spørsmål. Ikkje minst om ein set likskapsteikn mellom det som gir suksess og det som er av Gud, og gjer det rekningssvarande til mål og målestav for det åndelege.

Trua går som nemnt mot alle odds. Underet kan ikkje planleggjast. Utgangspunktet for trua er rasjonelt sett alltid umuleg, - sjølv om den minste trua lett kan flytte det største fjell, og  underet ikkje kan stansast av noko! Vi nemner her som døme; Moses ved Raudehavet, ørkenvandringa, Jerikos murar, Gideon som sende 99% av hæren heim og Elias på Karmel som slo vatn på alteret før elden falt. Fordi trua er absurd kan det sjå absurd ut å vere truande. 

Bibelen viser at menneskelege forsøk på å hjelpe Guds rike fram, ved noko anna enn det som høyrer Guds rike til, er mistydd handsrekking som berre forsinkar og hindrar Guds eige verk.

Det er stor forskjell på å bruke Guds ord for at det skal tene ein sjølv (føretak) og eiga lukke, og det å la seg bruke av Ordet og bli ført på Ordets tunge lidingsveg.

Trass i at ein skyt seg inn under utstrekt bruk av bibelens ord, ulike tenester og nådegåver, er det ikkje gitt at Ordet får verke slik det av og ved seg sjølv vil: Trengje gjennom og vekkje samvit, verke omvending og føde trua. Det er diverre fullt muleg å overstyre bibelens ord,  presse det inn i sjelelege vekkingsdraumar og planar, og deretter forkynne det som krav til både Gud og forsamlingar. Grunn og uklår erkjenning av Gud fører både til feil problemstilling, feil bibelbruk og feil verkemiddel. Den grunne og uklåre erkjenninga kan verken dele håp eller frykt med den klåre. Dei er i kvar si røynd.  

Guds forsamling er i, men ikkje av verda. Er både synleg og usynleg, og ser med både fysiske og åndelege augo. Folket er prega av tida, og av kor langt dei er komne i Guds skule. Utgangspunktet er det historiske. Men forsamlinga sprengjer likevel alle historiske rammer og går langt ut over synlege grenser. Ho er den treeinige Guds eigedom, teken med i hans planar og løfte, og lever av, ved og under hans skapande ord. 

Eit sterk døme på kor handfaste realitetar vi her er inne på, finn vi mellom anna i 2.Kong.6.

Ein morgon såg tenaren til Elisa med eigne augo at byen var kringsett av ein mektig syrar-hær, og spør Elisa kva dei nå skal gjere. Det tenaren såg var sant, og spørsmålet han stilte var i trå med kommersiell tenking. Men det han såg var berre ei delsanning, og spørsmålet berre som ein spøk i forhold til den fulle sanninga. Den fulle sanninga fekk han først sjå etter at hans åndelege augo vart opna. Men då var alt under Herrens kontroll. Dei kunne berre gå sigrande med i det han hadde føre i den aktuelle situasjonen.                                                                                    I Israels historie finn vi og døme på problemløysing grunna på delsanningar. Det var tider då dei sikra seg på verdsleg vis, i strid med si eiga utveljing. Ved eit høve kjøpte Akas seg hjelp mot syrarane, av assyrarane. Han vart så nøgd med resultatet at han etter eit besøk i Damaskus fekk laga ein kopi av eit alter der, og sette det på koparalteret sin stad.(2.Kong.16)  Føljene av dette kan lesast i 2.Krøn.36:14-16, der det mellom anna heiter at Herrens medynk med folket vart overvunnen av Herrens harme, - som vart så sterk at det ikkje lenger fanst noka botevon.

Då var delsanninga og den fulle sanninga blitt eitt og det same: Dei var under framand makt og Guds vreide. 

Dette viser kor gale det kan gå når ein ser delsanningar, men ikkje den fulle sanninga, kjenner mange delproblem, men ikkje grunnproblemet: Blindskapen som skjuler Guds heilage verk.

- Den rettferdige av tru, skal leva. Dette er løyndommen i evangeliet vi ikkje må dra oss unna. 

Då er det ingen menneskelege kvalitetsteikn som er nøkkelen for liv og vekst.

Engasjement, det funksjonelle, det inspirerande, det behovsorienterte, det livsnære og det varme ligg hos Han som er Under, Rådgivar, Veldig Gud, Evig Far og Fredsfyrste. - Hans  handling er hans ord, og å tale er det same som ”å gjøre gjennom Ordet”, seier Luther. 

 

=====================================================================

 

Syndar og rettferdig
Av Gunnar Soppeland

Anne-Kari Scheide sin merknad 22.jan. til innlegget mitt 11.jan. om boka Jabes bønn, forsterkar den kvasiteologien boka forfektar. Tek ein imot Jesus, er ein ikkje lenger ein syndar, hevdar ho, og reagerar på det eg skreiv om grunnforholdet mellom Gud og menneske.

”Dersom vi seier at vi ikkje har synd, då dårar vi oss sjølve, og sanninga er ikkje i oss”, står det i 1.Joh.1:8. Dette er klåre ord om eit sant gudsforhold.

Likevel dyrkar mange i dag ei livsform der den reine harmonien skal råde. Ein innfører eit utvortes skilje mellom det gamle og det nye mennesket slik at trua sitt eg ikkje er ansvarleg for kva det gamle eg gjer. ”Tabor” vert norma,  sorg og sukk over synd noko unormalt. 

På andre sida går det og an å dyrke det objektive og barnekåret som stabil nådestand slik at ein ser alt for pessimistisk på muligheitene for å overvinne det vonde. For stor vekt på frelse frå verda i staden for siger over henne, kan gjere ein passiv og resignert. (Kvietisme)

”Jamvel om vi lever i kjøtet, så fører vi ikkje striden vår på kjøtleg vis”, seier Paulus, og viser til at våpna våre ikkje er kjøtlege, men mektige for Gud til å støyta ned festningar.

Kjøtet er den delen av verdas vonde vesen som stadig heng ved ein i kropp og sjel.

Sjølv om ein i Kristus ikkje manglar nokon ting, er synda tilstades i kjøtet både som ein mangel og  veikskap, men og som konkret synd. Sanne kristne lever alltid i erkjenninga av å stå langt tilbake både i tanke, ord og gjerning.

 

Dobbelt livsplan, vedkjenning og erfaring
Den kristne har eit dobbelt livsplan: I trua, og i det naturlege livet.

I trua gjeld absolutte verdiar og omgrep og der verkar Gud suverent og umiddelbart. I det naturlege livet er synda verksam på alle kantar.

Den kristne vedkjenninga er difor dobbel: Ein er syndar, og ein er ein tilgitt syndar. Dermed gjer ein og doble erfaringar av både synd og nåde.

Det naturlege livet er ikkje berre eit nøytralt plan, eller eit passivt råstoff. Verda som vi lever i er base for verdas gud. Han står Guds rike og nådens verk hardt imot. Gjennom det naturlege livet, i og omkring seg, har ein kristen alltid direkte kontakt med synda både som ein fare, ei freisting og som bitter motstandar.

Denne doble erfaringa er kjenneteiknet på personleg kristendom og på eit frelsande gudsforhold. Her går grensa mellom gjenfødt og ugjenfødt.

Erfaringa av syndeforlating er eit av dei finaste kjenneteikna på Guds barn. Den har i seg både ei engsteleg klamring til evangeliet, og ei frydefull visse og lovsong knytt til Kristi person og verk.

 

Rettferdiggjeringa og nyskapinga sin basis er soninga på korset. 
Snur ein dette om og koplar tilgjevinga for synd til ei etisk-religiøs nyskaping og ei subjektiv forløysingsgjerning hos syndaren, gjer ein det absolutte til noko relativt. Alt blir då usikkert og ustabilt. Den sida som vender ned mot syndaren kjem i fokus, og det å vinne over synda si   makt kjem før utløysing frå syndeskuld.

Når det i boka Jabes bønn vert hevda at: ”Det er bare det du tror vil skje, og derfor handler etter som vil utløse Guds kraft for deg og bringe livsforandring”, er det mennesket som vert sett i sentrum, ikkje evangeliet.

Same avsporinga kjem etter mitt skjøn og til uttrykk artiklane i Dagen 10.,17.og 24.jan.

Her kan ein lese om kvinner frå Australia og England som reiser rundt i verda og skal truge syndemakta over land, byar, bydelar og bygningar. Dei viser m.a. til at dei har fått buddhisttempel til å falle i grus. Den 24.jan. kunne ein lese om ei av desse. Ho meinte seg bada i Guds kjærleik slik at livet vart totalt forandra. Likevel heldt ho fram i sambuarskap (hor) i ni månader fordi ”i sin nåde lot Gud meg leve i dette forholdet.”

Normalt skulle dette tale for  seg sjølv.

 

All makt og kraft høyrer Kristus til.
Skal denne bli vår, må vi søkje Kristus og ikkje krafta.

 ”Skuldbrevet” måtte naglast til krossen og strykast ut før maktene og herredøma vart avvæpna. Forkynning av Jesus Kristus og han krossfest er Guds kraft til både frelse og liv.

Her i landet har øvste myndigheit festa syndemakta sitt grep om folket ved ei kollektive skuld, ved å lovfesta rett til fosterdrap.

Men endå alvorlegare er det at Guds Son vert trødd under fot og paktsblodet vanhelga, det som han vart helga ved, og at ein spottar nådens Ande. (Heb.10:29)

Det skjer når oppblåste menneske dyrkar si eiga ånd, set seg sjølv i sentrum og vil rive til seg  krafta i Jesu namn, utan å kjenne synda i eige kjøt og utløysinga i Jesu blod.  

Trua er ikkje i seg sjølv ein subjektiv kvalifikasjon frå syndaren si side. Subjektivt fortvilar ein berre over seg sjølv og trua vert ei doms akt over eins eigen vilje, forstand og kraft. Alt anna enn Kristi gjerning og forløysinga i hans blod er suspendert i Guds rike.

 

=====================================================================

 

Ynskjer populærkulturen bibelske svar?
Av Gunnar Soppeland

Den 19.10.04 skreiv Dagen at Damaris skal bli eigen organisasjon i Noreg.

Organisasjonen  vil ”hjelpe dagens mennesker til å forstå alle budskapene som ligger i mediekulturen, som for eksempel filmer, bøker og musikk”, og dei vil gi eit reflektert kristent perspektiv inn i mediemylderet. Kristne skal hjelpast til betre å kommunisere trua si til den moderne verda, og gi bibelske svar på spørsmål reist av populærkulturen. 

Av og til har eg kikka innom nettsida til Damaris og sett på analysane deira av mediemylderet. Dei vil involvere seg i det verda er oppteken av, og møte verda ut frå verda sitt syn på seg sjølv og tilværet.  Faren er sjølvsagt at ein undervurderar det synet bibelen har på verda, verdas vesen og verdas born, og underslår det faktum at menneskenaturen er både lunefull og irrasjonelt innstilt ovanfor sanninga.

All kunst og kultur speglar det eksistensielle på eit eller anna vis. Store kunstnarar har ein intuisjon som kan grense til det profetiske og trengje inn i det usynlege og evige. Men kva evnar populærkulturen utover det å trengje seg inn på det sanselege menneske med støy og staffasje, jage livsalvoret ut, og lukke menneska inne med seg sjølv?

Har så Damaris rett i at populærkulturen ynskjer bibelske svar på sine spørsmål? Det tvilar eg på. Ikkje ein gong alle kristne vil i dag vete av dei bibelske svara og ta dei på alvor.

Resultatet av talen som Paulus heldt på Areopagos (Ap.17) var at han vart avvist.    

Populærkulturen i Aten  hadde laga eit altar for ein ukjend Gud. Det kunne vitna om at nokon som ikkje trudde på dei kjende gudane, likevel rekna med at Gud var til. Spørsmålet etter denne Gud låg like i dagen. Men då Paulus forkynte dei kven denne Guden var vart dette svaret spotta. 

Når ei rørsle kallar seg Damaris, tolkar eg det som eit slags alibi for moderne spekulasjonar omkring denne talen til Paulus. Damaris var ei kvinne som kom til trua medan Paulus var i Aten. Han kom frå Tessalonika og skulle dra vidare til Korint, men måtte vente på Silas og Timoteus. Ventetida nytta han til å forkynne evangeliet i synagoga og til folk han trefte på torget i byen.

Det var slik han fekk høve til å tale på Areopagos. Diverre braut spottarar han av etter ei kort innleiing. (Omtrent to minutt?). Han var då alt begynt å tale om synd, dom og rettferd, og peika på mannen som Gud hadde reist opp frå dei døde. Så vart han altså stoppa. 

Å sjå til vart talen ein fiasko. Og Paulus gjekk sin veg. Lukas nemner at det var nokre som kom til tru under tida i Aten. Mellom desse var og Damaris. At ho kom til tru gjennom den korte innleiinga på Areopagos, skriv Lukas ingenting om. Men etter det eg skjønar er det ei slik kopling Damariskonseptet er tufta på.

Det underlege er at ein på denne bakgrunnen vil skape seg bibelsk dekning for rasjonalistiske kommunikasjonsidear. Verksemda som Paulus stod i før og etter dagane i Aten,  refererer han utførleg til i breva til tessalonikarane og korintarane. Der hadde forkynninga gitt rike frukter. I desse breva gjer han det klinkande klårt at det var det irrasjonelle i forkynninga; krafta i Kirsti kross, som hadde gitt dei liv. Visdoms overtalande ord ville han ikkje eingong vete av i arbeidet sitt. 

På meg verkar Damaristiltaket merkeleg. Sant å seie syns eg vi har sett meir enn nok av punktvise metodar og skjema som utgjev seg for å skulle gjere underverk i den åndelege verda.


====================================================================

 

Språk og sak
Av Gunnar Soppeland

Kommunikasjon er eit nøkkelord i tida. Vil ein nå ut med noko, kjem det ikkje berre an på saka men måten ein kommuniserar henne på. Språk og form må tilpassast målgruppa heiter det.

Det er lærerikt å lese Skrifta med dette for auga. Straks slår det ein at bibelspråket fyrst og fremst er valt av omsyn til sak. Ikkje smak. Det kan stundom gå så langt at språket hausar opp målgruppa til å melde, slå og fengsle bodberaren. (Jer.26)

Folket si ulyst ovafor sanninga, og lysta til å høyre løgn, skin ofte igjennom.  ”Om nokon kom med tomt snakk, svik og løgn og sa: Eg vil preike for deg om vin og sterk drikk! – han var vel ein preikar for dette folket!”, seier Mika. ”Tal smigrande ord for oss”, seier dei til Jesaja.

Til tider er profetspråket sjokkerande. Ikkje fordi profeten ville det slik, med fordi tilhøva gjorde det naudsynleg. Rette ord til rett tid fekk han av Herren, og beskjeden var at ikkje eit einaste ord skulle haldast att.  Gjennom Malaki sin munn seier Herren til prestane at han forbannar det dei velsignar og kastar møk i andletet på dei, møk av høgtidsoffera deira, som dei sjølv skal kastast i.

Dagens kommunikasjonsekspertar ristar nok på hovudet av kommunisering som dette. Rett nok  sjokkerar dei og. Men det er ved å fjerne det sjokkerande ved kristendommen og gi den ein sympatisk utsjånad som folk flest kan slutte seg til. Dei tek for gitt at folk som vil vere kristne er kristne, og byggjer fellesskap med tru på eigne visjonar og  framstegsvenlege idear.

At språk og sak heng nøye saman, er klårt: ”Fosterdrap” er eit usminka ord som vekkjer både tanke og samvit, medan ”abort” brukast i same saka for å tilsløre og blende for fakta. Språket bestemmer altså graden av alvoret i ei sak. Språket kan ikkje sminkast utan at det vedrører saka.

Typisk for profetspråket er at det får fram det fryktelege alvoret som pregar tilhøva dei talar inn i. Tilhøva var ofte eit resultat av at: "Israels-borna tilslørde Herren sin Gud med ord som ikkje var rette". (2.Kong.17) Urette ord gav eit urett inntrykk av Gud, som igjen gav eit urett gudsforhold.

Malaki talar inn i ein slik situasjon. Gjennom heile boka avslører han eit misforhold mellom prestane og folket sitt gudsbilete, og den sanne Gud. Dette pregar alt dei tenkjer og gjer, og viser seg mellom anna i denne situasjonsbeskrivinga:

- Når Herren seier han har elska dei, svarar dei: Korleis har du vist oss det?

- Når Herren seier dei har vanvørd namnet hans, svarar dei: Korleis?

- Når Herren viser til ureine offer, svarar dei: Korleis har vi krenka reinleiken din?

- Når Herren seier dei har trøyta han med orda sine, spør dei: Korleis?

- Når Herren seier dei må venda om, spør dei:  Kva skal vi venda om frå?

- Når Herren seier dei har rana frå han, spør dei: Kva har vi røva frå deg?

- Når Herren seier dei har brukt sterke ord imot han, spør dei: Kva har vi sagt oss imellom?

Her er det total kommunikasjonssvikt. Folket og prestane skjønar ikkje eingong at problemstillinga har med deira situasjon å gjere. Herren, ved profeten, omset deira indre tankar  med rette sakssvarande ord, og endevender oppfatninga av situasjonen fullstendig. 

Det faktum at Herren også etterlyste nokon som ville stengje tempeldørene, ”så dei ikkje fåfengt skulle tenne eld på Guds alter”, viser alvoret i situasjonen. (Mal.1.10)

Men dette alvoret stemde ikkje på noko vis med deira eige syn på saka.

Ikkje det at dei rekna seg som feilfrie. Men deira usanne gudsbilete gjore den sanne Gud uverkeleg og støytande når han tala til dei.  

Når dei spør kva dei har trøytta Herren med, svarar han: ”Med å seia: Kvar den som gjer vondt er god i Herrens augo, han har hugnad i slike! Eller: Kvar er Gud, han som dømer?”

Dei hadde altså eit ”evangelisk” syn på Herren, som gjorde synda og det urette ufarleg! Prestane velsigna dei og gav dei ei sutlaus demonisk ro i sine synder. Dei var utan anger og bot. Og når Herren minner om at dei vanhelgar namnet hans, og tenkjer at Herrens bord er inga ære verd, blæs dei av det og seier: ”Å, for eit strev!”   - Utan erkjenning av Herrens heilage namn, var det heller inga forståing for Syndeofferet.

Åndskampen er i stor grad ein kamp om språk relatert til sak. Saka er ikkje mindre enn å forkynne Sanninga med klåre ord både til dom og frelse. Enten folk vil høyre eller ikkje. Utfordringa er å la den bibelske sanninga avsløre seg sjølv med eigne ord og uttrykk, i eit ”kristenfolk” som i stor grad har fått Herren sin Gud tilslørt og ufarleggjort med smiskande ord.

Utan sann gudsfrykt er det framleis forferdeleg å falla i hendene på den levande Gud!


===================================================================

Vær pjatt – og du skal se, alle vanskeligheter forsvinner!
Av  Gunnar Soppeland

”La andre klage over, at tiden er vond; jeg klager over, at den er ussel; for den er uten lidenskap,” seier Søren Kierkegaard.

I ”Øyeblikket” nr. 9, ironiserar han over dette. Dei som har høve, bør lese dette stykket i heilhet på forfattarens eige språk. Eg tillet meg her å gjengi eit amputert utdrag lett omskrive til bokmål. Å reflektere Kierkegaards fortærande blikk på eiga stode kan vere smerteleg. Det kan stundom opplevast som Peters ord til Saffira: ”Sjå, føtene til dei som har gravlagt mannen din, er for døra, og dei skal bera deg ut!”

Her er to avsnitt frå stykket:

”Det var en gang da ”Mannen” forholdt  seg til det å være karakter. Man hadde grunnsetninger  som man for ingen pris sviktet eller slapp, ja, man ofret heller sitt liv, eller utsatte seg for mishandling livet gjennom, enn å gi det minste etter i forhold til grunnsetningene. Fordi man forstod at det var det samme som å oppgi dem, og det å oppgi sine grunnsetninger det samme som å oppgi seg selv. Dermed ble livet naturligvis en idelig vanskelighet.

Og derfor, hvorfor alle disse vanskeligheter? Vær pjatt – og du skal se alle vanskeligheter forsvinne! Vær pjatt, ha en anskuelse i dag, en annen i morgen, så igjen den du hadde i forgårs, og så igjen en ny på fredag. Vær pjatt, gjør deg selv til flere, eller utparseller ditt selv, ha en anskuelse anonymt, en annen med navn, en muntlig en annen skriftlig, en som embetsmann og en annen som privatmann, en som din kones mann en annen i klubben: Og du skal se, alle vanskeligheter forsvinner.

Mens karaktermennesker i samme grad som de ble mer karaktermennesker har funnet og bevitnet at denne verden er en middelmådighet, en ussel, en jammerlig fordervet ond verden kun beregnet på slyngler eller på pjatt, så skal du se, du skal finne at denne verden er en herlig verden,  ganske som beregnet på deg!

Det var en gang da ”Mennesket” forholdt seg til seg selv i en uendelig forestilling om det å være kristen, da han gjorde alvor med det å avdø, det å hate seg selv, det å lide for læren.

Han fant da livet så vanskelig og kvalfullt at selv de mest hardføre nesten segnet under disse vanskeligheter. De krøp som ormer, og selv de mest ydmyke var ikke langt fra å fortvile.

Og derfor, hvorfor alle disse vanskeligheter? Vær pjatt – og du skal se alle vanskeligheter forsvinne! Vær pjatt; og vær så enten prest, prost, biskop, som i kraft av en hellig ed på det nye testamentet – en gang om uken i tre kvarter pjatter noe høyt, men ellers gir alt høyere en god dag. Eller vær selv legmann som i tre kvarter løftes opp av det høye som presten i tre kvarter pjatter, men ellers gir alt høyere en god dag: og du skal se, alle vanskelighetene forsvinner!

Forfalsk så i dypeste grunn Guds eller kristendommens betraktning av dette liv. La det være merket på at veien er den rette, den Gud velbehagelige, at den (stikk i strid med Guds Ord) er lett – og du skal se alle vanskeligheter forsvinne. Denne verden blir en herlig verden, og herligere, mer behagelig og lett for hvert århundre som leves på denne måten.

Og vær ganske usjenert. Tro meg, der er ingen du trenger å redde deg unna. Hele kompaniet er av samme bonitet. Forbered deg på lovtale, lovtalen over din klokskap, lovtalen av de andre, som ved å holde lovtale over deg, klokt beregnet holder lovtale over seg selv, og som kun ville fordømme deg viss du ikke var: som de andre.”

   

 

 

 

 

 

Aksjon for kr. formålsp.

Lydopptak

Nyt-i-Natten
(dansk bloggside)

Willow
Creek og Saddleback


Islam

Aktuelle artikler


Kristne friskoler

Israel

Familien

Kristen sang

Forkynnelse


Aktuelle linker