Hans Erik Nissen

 

 

 


Per Kørner

 

 

 


Gunnar Nilsson

 

 

 

Sigbjørn Agnalt

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kronikk i dagbladet Dagen 28.10.96
Vekkingstider og vekkingstonar

 

  Opp gjennom historia har me opplevd mange vekkingstider, men kva skjedde eigentleg? Kvifor kom vekkingane? Kva tonar var sentrale i forkynninga? Kva skjedde med dei som kom inn i vekkinga? Kan slike ting skje i dag? osv. Eg trur det er på tide at det radikale lekfolket ser attende på det som danna grunnlaget for denne rørsla i folket vårt. Radikal - tyder å gå attende til rota, og det treng me i sanning gjere i denne rotlause tid - mange er åndleg rotlause i dag. Difor skal me ta for oss nokre glimt frå vekkingssoga for å sjå  kva som skjedde då vekkinga kom.

 

Vekkingar i Rogaland

  Dei 10 første åra av vårt århundre var det vekkingstider nær sagt over heile vårt landet. Vekkinga starta mot slutten av 90-åra og auka på i styrke, og seinare vekkingar kunne ikkje samnaliknast med denne.

 

  I Rogaland stod den kjende vekkingspredikanten Sven Foldøen fram i desse åra etter århundreskifte. Han hadde hatt omvendingskamp på Dakota-prærien, og no kom han heimatt til gamlelandet som radikal vekkingsforkynnar. Han fekk vere eit reiskap i Guds hand til manges frelse.

 

  I Vårløysing står det fortalt at han på Kvitsøy hadde han stått i 2 veker, og siste kvelden heldt han avskjedstala om at "det skal gå Sodoma og Gomorra tolegare på domens dag enn dykk". Denne kvelden braut  vekkinga laus. Det la seg ei sterk åndsmakt over øyane, folk som sat heime kjende seg dregne av Gud. Det blei vekking med djup syndenaud og klår overgang frå død til liv....Ein kveld bøygde 40 menn og kvinner seg på bedehuset, og fruktene var store og varige.

 

Vekking i Hardanger

  I bygdene her i Hardanger fekk ein også oppleve vekkingstider. Lekfolket hadde stått sterkt her tidlegare også, og i 1880 åra var det ikkje uvanleg at Indremisjonen kunne samle opp til 10.000 menneske på storsamlingane sine. Brandtzæg var kome til bygda i 1897, for å byggje opp Framnes ungdomsskule.

 

  I Norheimsund var det ei spesiell hending som nok var medverkande til at vekkinga greip så djupt. Ut på hausten i 1902 merka ein noko helt på å bryte fram. Bønemøte som dei heldt rundt om i heimane, søkte no folk til i så stort tal at dei fekk ikkje rom lenger i stovene, men laut ta bedehuset til hjelp. Indremisjonen planla møter og festar som skulle haldast i jula, men ingen drøymde om at det skulle gå som det gjekk.

 

  Julekvelden rauk det opp til storm frå nordvest, og det auka til orkan. Då det stilna frampå morgonen spurdes det at tre mann frå Norheimsund hadde drukna om natta, då dei ville berge ei skute som heldt på å drive av.

 

  Folket blei oppskaka og det la seg eit uvanleg alvor over heile bygda. Då det fyrste møte skulle haldast, strøymde både unge og gamle til bedehuset. Frå jul og utover heldt dei møter kvar kveld, og bedehuset var fullt. Men først då to lektalar, Knut Hesjedal og seinare Olav Hodne kom til bygda, tok vekkinga fart for alvor.

 

  Det var underleg samlingar som no fylgde. Oftast fall heile samlinga på kne når bønemøtet kom. Ei åndsmakt som synest dra alle med, låg over møtet. Nokre bad, andre reiste seg og sa at dei ville vende om til Gud, og fleire og fleire vitna om at dei hadde vunne fram til fred og ljos. Herren opna opp og vondskapens åndehære måtte vika. Alt i alt er det den største vekkinga som har gått over bygdane her, og ingen var meir trufast i dette vekkingsarbeidet enn Brandtzæg, står det å lese i Vårløysing.

 

Vekkingane i Kina

  Om ein ser attende på tidlegare vekkingstider, så ser ein at bøna var ein viktig faktor. Det var enkeltpersonar, unge og eldre som byrja be om vekking og så svara Gud i si tid (Jesaia 49.8). Marie Monsen si bok "Vekkelsen ble en åndens aksjon" er også interessant lesnad frå vekkigstidene i Kina på fyrste halvdel av vårt århundre.

 

  Ho byrje å undersøkje vekkingshistoria, og det viste seg at det gjekk vanlegvis 25-30 årsperiodar i pionerarbeidet, før misjonærane forstod at så altfor mange av både medlemmene og leiarane i forsamlingane hadde tatt med trua intellektuelt uten å ha opplevd frelse og nytt liv. Dette blei ei tung bør for misjonærane, som i si naud kasta den på Herren. Bedarar på heimefronten blei mobilisert i bønekampen, og så kom vekkingane.


  Det er også underleg å sjå korleis ho sjølv opplevde denne tida. Ho skriv m.a. at Andens arbeid foregjekk for å tøma henne for trua på eiga dyktigheit, og om mogleg å få danna ein misjonær som i sitt "indre intet var - en av dem Han utvelger seg - som måtte lære kun å regne med Ham, og hva Han formådde."

 

  Marie Monsen gjev oss eit glimt av kva som skjedde då ho bestemte seg for å be om vekking over det arbeidet ho stod i Kina. Ho skriv: "Dermed ville jeg skrå over gulvet til min bønnekrok for å be den bønnen for første gang etter at løftet var gitt, men jeg hadde ikke tatt mer enn 2-3 skritt før jeg ble stanset. Det som hendte, kan kun beskrives med følgende ord: Det føltes som en kvelerslange snodde seg rundt kroppen for å presse livet av meg. Forferdelse tok meg. Det ble til slutt bare gispen etter luft, og endelig fikk jeg presset fram:"Jesus, Jesus, Jesus." Det gikk lette for hver gang det dyrebare navn ble stønnet fram, og så slapp "slangen" meg. Jeg stod der fortumlet. Den første tanken som kom, var: Så meget betyr bønn, og at løfte holdes".


  Det gjekk enno over 20 år før vekkinga kom over Kina, men då hadde det også eit stort omfang der uttallige skarar blei vekt opp og gjenfødde til eit levande håp. Vekkinga greip djupt, også i medarbeidarflokken. På feltet kunne ein av dei "store" talarane  vitne: "Jeg har ikke forstått å føre syndere fram til realt oppgjør med Gud. Jeg er i disse dager blitt veiet og funnet for lett. Men i dag er også Guds nåde dyrebar for meg som aldri før."

 

Vekkinga på Stranda i 1932

  I 1920 åra høyrde ein lite om vekking i vårt land, men på same tid levde de i enkelte kretsar ein sterk lengsel etter å få oppleve vekkingstider. I 1930 og dei følgjande åra merkast ny åndleg lufting.

 

  I Kåre Ekroll si bok om Øivind Andersen får me også eit glimt frå vekkingstidene på Standa der Andersen fekk vere med. Det hadde seg slik at på ein gard oppe i bygda, ikkje langt frå Vestborg, budde ein eldre truande man som hadde vore mykje plaga av sjukdom. Denne mannen hadde i årvis bedt til Gud om vekking i bygda.

 

  Ein dag utpå vinteren ropte han på folket nede på kjøkenet. Då dei kom inn på rommet til han var dei ståande som fjeltra. Det var liksom ein eigen atmosfære der inne, - og som eit underleg lys som ikkje kunne forklarast.

 

  Mannen kunne fortelja at Jesus hadde vitja han denne dagen, og han kunne fortelje nøyaktig dagen då Jesus ville kome for å hente han. Og han hadde fått vite når vekkinga i bygda skulle byrje.

 

  Den dagen mannen hadde forutsett døydde han, og gjekk lukkeleg heim til Jesus, og på den tid han hadde sagt byrja det å skje underleg ting på bedehuset og i kyrkja. DVI hadde møteverksemd på bedehuset, og det kom sånn ei underleg åndsmakt over møta, og folk kom på bedehuset og overgav seg til Gud. Øivind Andersen kom også til bygda denne våren og fekk vere mange til hjelp.

 

  Andersen dreg parallellar til Daniel kap. 10, i dette han møtte på Stranda. Korleis Daniel i si naud vende seg til Herren og fekk oppleve at vondskapens åndehær blei kjema attende. Eg tar med nokre avsnitt frå boka der Andersen sjølv uttalar:

 

  "Et par av dem som var meget ivrige i arbeidet, ville gå over til Sykkulven og vitne og føre vekkelsen over dit. Dengang var ikke veien mellom Stranda og Sykkulven, den som bilruten nå bruker, ferdig over hele fjellet. Da disse to gikk oppe på fjellet, følte det seg plutselig så beklemt. Det var som de fikk det vondt innvortes. De mistet all frimodighet, og de sa til hverandre: - Hva er dette for noe!

 

  De kunne ikke forklare det. Men de gikk nå ned i Sykkulven og prøvde å ha møter, men de klarte det ikke. De prøvde å vitne, prøvde å bære frem Guds ord, men det var som de fikk munnen dyttet full med bomull. De måtte simpelhen gi det opp å gå tilbake til Stranda igjen. Da de passete skillet på heia og kom på Stranda-siden, var det som alt vondt vek, som himmelen åpnet seg over dem, og den samme liflige ånd var i dem som den hadde vært før. Og de kom ned og vekkelsen fortsatte i Stranda.

 

  Det er ikke tvil om at det er bokstavelige det vi leser om Ef. kap. 6 om ondskapens åndehær i himmelrommet. Det står også noe om høvdingen over luftens makter. Dette vil mange ta som symbolsk uttrykk og tenker ikke på at det er slik som det står.

 

  Skal det bli vekkelse, den vekkelsen som altså egentlig Guds ord taler om, da må det skje noe. Det må skje noe i himmelen. Ondskapens åndehær må kjempes til side. Det må åpnes. Dette tror ikke jeg de kristne har nok syn for i dag. De tenker så ofte at bare de får en god mann, en som kan forkynne klart, og en som synger og spiller , så skal det bli vekkelse....Men den egentlige vekkelsen i den forstand at det omskaper mennesker og bygder og byer, det blir det ikke.


Det vi må begynne med, vi kristne, er å gå i oss selv. Vi må se vår synd. Vi må bekjenne vår synd, vi som tror på Jesus. En bør ikke snakke om at det er så galt blant folket. Og vi må ikke snakke om alle de gale bevegelsene som er opp i tiden. Vi må bekjenne som Daniel at det er vi som har syndet. Har vi ikke det? Vi har gjort ille. Det er vi som har vært ugudlige. Vi har satt oss opp imot Gud. Det er vi som bekjenner oss som kristne, som har veket av fra Guds bud og forskrifter i en meget betydelig grad. Og vi bekjenner det ikke som synd.

 

  Hva tror du kommer til å hende om vi som kristne kommer i nød med oss selv og begynner å be som Daniel ba? Da kommer det til å hende som hente på Daniels tid.

 

  Vi hører i Johannes's Åpenbaring(kap. 5,8 og 8,3-5) om disse skålene som blir tømt i himmelen. Det var de troendes bønner, står det. Og da skålene ble tømt i himmelen, ble det jordskjelv på jorden, og det jordskjelvet er det vi kaller vekkelse, det. Det skaker opp, og det skjer underlige ting.......

 

  Men om vi nå som kristne mannjevnt kunne innse vårt virkelige behov i dag: At vi i Norge trenger en vekkelse ifra Lindesnes til Nordkapp og fra Kjølen og til havbrynet, hvor mennekser kommer i nød for synd. Hvor tror dere det da kom til å bli i Norge? En ugudelig kringkasting kunne ikke hindre det, heller ikke tilstanden ellers i kirke og samfunn. For han som er med oss, er sterkere enn han som er i verden. Husk hva Guds ord sier: "I er av Gud, mine barn, og har seiret over dem, for han som er med eder, er større enn han som er i verden." .John. 4.4."

 

  Så langt Andersen, men eg trur at her er me inne på kjernepunktet. Får Guds Ord drive Guds folk til den same erkjenning og bøn som Daniel:"Vi har synda og bore oss ille åt, vore gudlause og trassige. Vi har vike av frå boda dine og lovene dine...... Herre, høyr! Herre, tilgjev! Herre, gjev akt og gjer det, dryg ikkje - for di eiga skuld, min Gud!(Daniel 9)", då kan atter Gud få gripe inn, men er Guds folk villige til det? Måtte me få eige forventning til Herren at han atter kunne sende slike tider mellom oss. Alt er mogleg for Gud!

 

Av Dag Rune Lid

 

Kjelder - for vidare lesning:

- Vårløysing III, Lund, 1966, Oscar Handeland

- Sven Foldøen - Ryfylkebispen, Lunde 1978,  Josef Tungeland

- Vekkelsen ble en åndens aksjon, Lunde, fleire opplag, Marie Monsen
- I samtale med Ø. Andersen, Lunde, 1981, Kåre Ekroll

Aksjon for kr. formålsp.

Lydopptak

Nyt-i-Natten
(dansk bloggside)

Willow
Creek og Saddleback


Islam

Aktuelle artikler


Kristne friskoler

Israel

Familien

Kristen sang

Forkynnelse


Aktuelle linker