Hans Erik Nissen

 

 

 


Per Kørner

 

 

 


Gunnar Nilsson

 

 

 

Sigbjørn Agnalt

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Korleis sigre i åndskampen?

Av Dag Rune Lid

 

 Jer. 23.29 "Er ikkje ordet mitt som ein eld, seier Herre, lik ein hammar som knuser berg!"

 

Tidleg i vår kom eg over ein plakat for ei ungdomssamling som ein av våre største lutherske organisasjonar skulle ha no i sommar. Det var leiartrening for ungdomane i organisasjonen, og på seminara skulle ein integrert med leiartrening få innføring i ml.a. drama, teater, fortellerteknikk, pantomime, lydeffektar, hip-hop, moderne dans, jazzballett, sketchboard, trylling, dokketeater osv.

 

Eg trur knapt eg har sett verdsleggjort kristendom presentert på ein så direkte måte før, og det er ufatteleg at ein kristen organisasjon kan arrangere noko slikt.  Berre for nokre få år sidan så ville dette vore utenkjeleg i mange av desse samanhengane, men i dag spreier desse verdselge verkemidlane seg mellom Guds folk som eld i tørt gras. Stadig nye verkemiddel blir tekne i bruk og nye arbeidslag og bedehus vert erobra for dette nye.

 

Mange ærlege ungdommar som søkjer sanninga blir dregne inn i dette. Dei kan nok oppleve stemning og føleslsmessige svigingar, men sjelen får ikkje åndeleg føde og åndeleg hjelp. Dei får ikkje eit møte med Den Heilage Gud i Ordet, så dei må seie med Jesja: Ve meg! Eg er fortapt! Då blir det heller ikkje behov for å lære Jesus å kjenne, han som kom for å frelse folket frå syndene deira. Bibelen seier at det er kun Guds Ord som kan skape denne levande tru. (Rom. 10.17)

 

Når ein les kva verkemidlar denne organisasjonen nyttar så må det være innlysande at dei må ha mist trua på Guds Ord. I staden skikkar ein seg lik verden for å vinne verden. Men kva sier Guds Ord?  "Skikka dykk ikkje likt med denne verda, men lat dykk omskapa ved at hugen dykkar vert oppattnya, så de kan døma om kva som er Guds vilje: det gode, det som han har hugnad i, det fullkomne." (Rom 12:2)

 

Forkaste Ordet

Då Guds folk Israel hadde si stordomstid - fekk dei ein konge ved navn Salomo. Om han står det at han ba om å få eit "lydhøyrt hjarte". Men etter ei tid blei han tunghøyrd og følgde ikkje trufast Herrens Ord lenger. Dommen blei at etter han skulle rike takast ut or hans ætt, og landet delast i to,  nordriket Israel og eit sørriket Juda. Kong Jereboham kom til makta i nordrike, men han opplevde at folket for til Jerusalem i sør-riket for å tilbe i Gud. De me møter her er sørgeleg aktuelt når ein ser på åndssituasjonen.

 

Jereboham klarde ikkje halde på folket, han byrja å frykte at folket skulle falle attende til Davis hus. Då står det at han tenkte med seg sjølv. Korleis skal skulle han makte å samle folket?Jau, ein må bruker verkemiddel så ein ikkje misser folket  - slik  som Aron. "Kongen heldt råd. Så laga han to gullkalvar, og han sa til folket: Lenge nok har de fare opp til Jerusalem. Sjå, her er gudane dine, Israel, som førde deg opp frå Egyptarlandet. Og den eine gullkalven stilte han opp i Betel, den andre sette han i Dan. Dette vart opphav til synd. Folket gjekk heilt til Dan og steig fram for den eine gullkalven der. Jeroboam bygde hus òg på offerhaugane og gjorde kven han ville av folket til prestar, endå dei ikkje var av Levi‑ætta." (1Kong 12:28‑31)

 

- Kvifor møte Gud i hans Heilagdommar i Jerusalem?,  slik som Asaf vitnar om i Salme 73. - Nei, det kan få møte Gud i Dan og Betel. Det er den sammme Gud me skal tilbed, uttrykksformene har ikkje noko ting å bety. Ja, slik kunne dei vel kanskje argumentere. Men kva blei resultatet? Det førte til ................

 

Rådslagning for å halde på folket er livsfarleg i åndskampen. Orda må ikkje støyte, nei kristendommen må vere morsom, festleg og så misser ein bibelens Gudbilde - og då går det frå vondt til verre.  Så blei det sett opp ein gullkal i nord og ein i synd - sjå, her er gudane dine Israel - tilbe desse. Heilt parallt med mange i dag så gjorde han kven han vill til prestar - sjølv om Gud hadde forbode det gjennom sitt eige ord. Kva resulterte det i? "Difor sender Gud dei kraftig villfaring, så dei trur lygna" (2.Tess 2:11) Det førte til Herrens dom over hans eige folk. Den Heilage Gud lar seg ikkje spotta - og på den store regnskapsdag skal du og eg stå til reknskap for denne almektige Gud. Det kjem til å bli ein forferdeleg dag for mange som blir drege inn under denne vilfaring, og som ikkje får møte den Heilage Gud før på domedag - då fyrst vil det gå opp for dei at dei er forført. Ve oss, om det skulle skje med nokon oss! "Det er forferdeleg å falla i hendene på den levande Gud!" (Heb 10:31)

 

Det gjeld himmel eller helvete
Så går det ei tid så får me det mektige  slaget på Karmel. Her ser me også ein klar paralell til den veldige åndskampen som rasar om sjelene i dag.  Både no og då stod Guds folk Israel ved eit vegskilje.  Jesabels ånd hadde fått slik innpass også mellom Guds folk, at Elias trudde han var aleine att. Men de var 7000 som ikkje hadde bøygd kne for Ba'al, sjølv om dei stod der tause i den mektige åndskamp. Er det ikkje slik i dag også? Lite og ingen reaksjon på alt det nye som blir innført i Guds rikes arbeid, det er taust. Men Elias sa frå, sjølv om han berre hadde Gud å stola på, men det var nok!  Det er nok også i dag! Ein mann med Gud ved si sida er sterkare enn all vondskapens åndehær i himmelrommet, tenk det! "Se, for Jesu-navnet Satans hær må fly. Frem da, Kristi hærmenn, frem til seier ny!"


Kva var det Elias ropte ut: "Kor lenge vil de halta til begge sider? Dersom Herren er Gud så fylg han! Og dersom Ba'al er det, så fylg han!"(1. Kongeb. 18.21)  Me kan tykkje Elias gjekk hardt fram, men han såg at det galdt himmel eller helvete, frelse eller fortaping - heile Guds folks lagnad. Slik er det i dag også.

 

Mange er tause i dag også. Nokre tenkjer på omkostningane, nokre på sitt gode navn og rykte, andre er bunde av løyalitet og menneskefrykt osv. Det me treng er å få eit møte med Gud som me fell til jorda og seier: "Herren, han er Gud! Herren, han er Gud!"(39) Når me får eit møte med Gud då brenn alt vårt opp. Då fryktar ein ikkje lenger mennesker, og ein får oppleve at Gud ved sitt almakts Ord  skapar alt av ingenting.  Det var også dette reiskap Herren nytta då han skapte himmel og jord - Guds Ord.

 

Elias vågde å gå ut på Herrens Ord og løfter, og han tok oppgjer med verdsleggjeringa - og då kjempa Herren for han. I bøn til Herren fekk Elias  oppleve "susen av regn" frå himmelen.  Oppgjer med synd og verdsleggjering førte til regn, til liv, til velsigning - til bibelsk vekking. Han konfronterte folket med Guds Heilage Ord, og dommen over verdsleggjort Gudstilbeding. Synd blei synd, og fråfalle åpenlyst og sjelen skal for den Heilage Gud.

 

Akkurat dette er  det me treng i dag også, og akkurat det same kan skje i dag der Gud gjennom Ordet får slå ned. Då vil me få oppleve at Herren "døder og gjør levende" ved sitt Ord, og me vil erfare eld og regn - dom og frelse frå himmelen. Elias måtte gå i dekning i Krit-dalen, og han skjulte seg i Sarepta men i Guds time då Gud la til rette då steig han fram. Gud er ikkje avhengig av dei store skarar for å vinne store sigrar i åndskampen - nei han er kun avhengige av lydhøyre hjarto. Der er det ingen grenser for kva Herren kan få utrette.

 

Sanne hyrdar

Når alt dette nye trengjer seg inn i Guds og nokon talar mot så får ein høyre:  - Me har fått så mykje positiv respons! Folket vil ha det! Me kan ikkje vere så trongsynte! osv. Så er det mange hyrdar som her sviktar sitt kall og si oppgåve og ikkje tek oppgjer med verdsleggjeringa. Slik  "bryt" sakte men sikkert av Andens sverd, og dess meir ein slår av på Ordet, dess raskare går verdsleggjeringa. Den som ikkje hevdar si overtyding misser den, det vitnar vår Bibel om.

 

Kva er det Jesus seier til sine? "De er saltet på jorda! Men om saltet misser si kraft, kva skal det då saltast med? Det duger ikkje lenger til noko, utan å verta kasta ut og trakka ned av menneska." (Matt 5:13) Eit samfunn som går i forråtning, er det ikkje det me opplever i dag. Ein konsekvens av at saltet har mist si kraft.

 

Den hyrde som ikkje tar oppgjer med verdsleggjeringa, - fører folket bort frå Kristus.  Jesus seier om slike: "Men den som forfører ein av desse små som trur på meg, for han var det betre om ein kvernstein vart hengd om halsen på han og han vart søkt i havsens djup." (Matt 18:6) Så alvorleg talar Jesus om dei som forfører sjelene - slik at dei går evig fortapt.

 

Men for ein sann hyrde blir det naudrop og smerte når ein får sjå den sanne stoda i folket. "Profetane seier fram lygn, og prestane styrer etter råda deira, og folket mitt vil gjerne ha det slik. Men kva vil de gjera når enden på dette kjem."(Jeremia 5.31) "Gjev hovudet mitt var vatn, og auga mitt ei tårekjelde! Då ville eg gråta dag og natt over dei drepne i folket mitt." (Jer 9.1) Guds folk var kome inn i fråfallet, men dei ville ikkje erkjenne det som fråfall.  Men Jeremias såg det leiarane i folket ikkje såg, at når  sjelene blei ført bort frå Gud mot åndeleg død, sjølv om det ytre sett kunne sjå fint ut. Den sanne hyrde får same sinnelag som overhyrden: "Då han nærma seg og såg byen, gret han over han, og sa: Visste du berre, om så fyrst på denne dagen, kva som tener til fred for deg! Men no er det dult for augo dine." (Luk 19:41‑42)

 

Det hadde vore noko anna om det var teater og underhaldning i verdsleg regi dei sysla med desse som var omtalte til å byrje med - då kunne ein ikkje forvente noko anna. Men i Guds rike er det annleis, slik Herren tala gjennom Amos:"Lat meg sleppe dei larmande songane dine!"(Amos 6.23)  I Guds rike fører desse verkemidlane sjelene bort frå Ordet, og dermed frå Kristus.  Om slike er det Bibelen seier: "Dei er blinde vegvisarar for blinde, og når ein blind leier ein blind, fell dei begge i grøfta." (Matt 15:14) Det er det forferdelege. På dommedag vil Gud seie til dei som forførde sjelene: Vik frå meg de som gjorde urett! Me har med ein Heilag Gud å gjere. Me må ikkje gløyme det! Me må ikkje gjere samme feil som Guds folk i fordoms tid: DEI VILLE IKKJE HØYRE HERREN RØYST!

 

Måtte me heller falle på våre kne og rope som Daniel: "Min Gud, vend øyra ditt hit og høyr! Opna augo dine og sjå ruinane våre og byen som er nemnd med ditt namn! Det er ikkje våre eigne rettferdige gjerningar vi legg til grunn for dei audmjuke bønene våre som vi ber fram for åsynet ditt, men di store miskunn. Herre, høyr! Herre, tilgjev! Herre, gjev akt og gjer det, dryg ikkje ‑ for di eiga skuld, min Gud!" (Dan 9:18‑19) Er det ikkje slik situasjonen er mellom kristenfolket mange stader i dag - nedrivne murar - verdsleggjeringa har fått treng seg inn og splitte og sprengje.

 

Så kan ein forsvare sine verdslege vegar til dommedag. Men på den dag vil alt som ikkje er gjort i Herren brenne opp. Difor gjeld det å late elden frå himmelen brenne det opp medan det enno er nådetid. Difor ropar også Gud ut: "Vakna, du som søv! Stå opp frå dei døde, og Kristus skal lysa for deg."(Ef. 5.14) Der Kristus får lyse, kva skjer der ? Der blir synda levande, der blir det behov for frelse, og der får Gud gripe inn.

 

Ordet vinn siger i åndskampen

Guds rike er eit ånds rike, og Bibelen seier:"Me har ikkje strid mot kjøt og blod, men mot maktene, mot herrevelda, mot verdsens herskarar i dette mørkret, mot vondskapens åndehær i himmelrommet." (Ef 6.12) I denne forferdelege åndskamp om sjelene er det berre åndsmakt frå himmelen og Andens sverd, Guds Ord, som sigrar. Dette er også det einaste som kan mostå Djevelen - fyrsten for vondskapen åndehær, han har som mål å føre kvar ein sjel i helveds gru. Han kjempar kvar einaste dag for å forføra sjelene og Guds folk bort i frå Guds Ord.

 

Om du og eg tek opp kampen mot satan og vondskapens åndhær på eiga hand, då lir me nederlag, då tapar me. Det er som å stille med maskingevær mot ein fiende med atombombe. Difor seier også Jesus: "For utan meg kan de ingenting gjera." (Joh 15.5) Difor er det så tragisk i den åndskampen som rasar i dag at ein trur ein skal vinne åndelege sigrar med verdslege verkemidlar,  men då kjenner ein ikkje fienden og veit ikkj kva krefter ein har med å gjere. Kva seier Guds Ord om den som stolar på eigne krefter? "Forbanna er den mannen som lit på menneske og gjer kjøt til sin arm, som i sitt hjarta vik frå Herren."(Jer. 17.5) Forbanna - under Guds vreide og dom.

 

"Difor seier Herren: Dersom du vender om, så vil eg la deg koma attende og stå for åsynet mitt. Dersom du skil det edle frå det uedle, skal du vera som munnen min. Dei skal atter venda om til deg, men du skal ikkje venda om til dei. Eg vil gjera deg til ein fast koparmur mot dette folket. Dei skal strida mot deg, men ikkje få overtak på deg. For eg er med deg og vil frelsa deg og berga deg, seier Herren." (Jer 15:19‑20) Vera som min munn, tenk for eit løfte!Gud er ikkje avhengig av dei store skarar for å vinne sigrar i åndskampen. Dei Herren kan få bruke, det er dei lydhøyre hjarto som bøyer seg for Guds Ord i eit og alt - Jesu Kristi trell. Det er sjeler som ikkje kan forsvare ei einaste synd, men må leve i lyset. 

 

Korleis vinn Ordet siger i åndskampen? "Ikkje med makt og ikkje med kraft, men med min Ande, seier Herren, Allhers Gud."(Sakarja 4.6)  Andens sverd er Guds Ord(Ef. 6.17).  Her ligg løyndommen til siger i åndskampen. Der Guds Ande får svinge sverdet(Ordet), der vil ein oppleve at Ordet "er levande og verksamt og kvassare enn noko tvieggja sverd. Der  trengjer det igjennom heilt til det kløyver sjel og ånd, ledd og merg, og dømer hjartans tankar og råd." (Heb 4:12) Tenk for eit våpen - åndsmakt frå himmelen! "Er ikkje ordet mitt som ein eld, seier Herre, lik ein hammar som knuser berg!" (Jer. 23.29) Får dette mektige våpen slå ned mellom oss, då kan atter store sigrar bli vunne.

 

Brukar ein dette våpenet i åndskapen då vil ein erfare som i fordums tid: "Ver ikkje redde! Denne store hæren skal de ikkje ottast. For denne striden er ikkje dykkar men Guds...... Men det er ikkje de som skal strida her. De skal berre stilla dykk opp og stå og sjå korleis Herren frelser dykk.. Ottast ikkje og ver ikkje redde!.... Tru på Herren dykkar Gud, så skal de halde stand! Tru på profetane hans, så skal de ha lukke med dykk!" (2. Kr. 20) Då vil Ordet sigre i åndskampen!

 

Måtte Guds born i Noreg i denne tid folde sine hender og rope til Herren, til han som har augo som eldslogar(Op 19:12),  at han måtte få sende eld frå himmelen over våre "alter", så alt som ikkje er av Herren kunne brenne opp som på Karmel - i åndeleg forstand. Han som svarte med eld på Elias tid kan også svare med eld i dag - han er den same igår og idag, ja til evig tid. Takk og lov for det!

Aksjon for kr. formålsp.

Lydopptak

Nyt-i-Natten
(dansk bloggside)

Willow
Creek og Saddleback


Islam

Aktuelle artikler


Kristne friskoler

Israel

Familien

Kristen sang

Forkynnelse


Aktuelle linker