|
Me lever i ei hektisk og oppjaga tid der utviklinga går fort, og mange ting også mellom Guds folk blir heilt omsnudd berre på nokre få år. Bibelen kallar denne tida ei søvnens tid, og seier at alle kristne skal bli dregne med i denne søvn i større eller mindre grad før han kjem att, jamf. Mat. 25 om brurbøyane. Alle var sovna, og halvparten fekk aldri kome inn i himmelen. Difor skulle det også vere påtrengjande at me kunne spørje kvarandre: Søv me? Når Bibelen omtalar dette som ein av dei største farane for Guds folk i denne siste tid, burde det også vere eit viktig spørsmål for den som har tenkt seg til himmelen.
Korleis byrjar den åndelege søvn? Tenkjer me på den fysiske søvn så veit me alle korleis han fungerer. Søvnen kjem snikande, og ein merkar aldri når ein sovnar inn. Den åndelege søvnen kjem også snikande, og den som sovnar inn vil heller ikkje her vere klar over når det skjer. Søvnen byrjar i det skjulte, der ingen andre menneske har tilgang, i ditt sjelsliv. Ein gjer seg "fortruleg med synda". Ein seier til seg sjølv: Det kan vel ikkje vere så nøye! Du kan ikkje vere så trongsynt! Du må følgje med i tida! Alle andre godtek det! osv. Det er tragisk når ein kristen sovnar, men langt strørre konskvensar har det om ein også er hyrde for Guds folk. 1. Samuelsbok fortel oss om eit sørgjeleg tilfelle i Israel av åndeleg søvn. Der står det om Eli, han som skulle vere hyrding for Guds folk. Det karakteristiske for han var at han ikkje tok oppgjer med synda i Guds hus - mellom Guds folk. På denne måten blei han medskuldig i sønene sine synder. Kva blei resultatet? Han miste sitt åndelege syn og evna til å lytte til Guds røyst. Når den unge Samuel var vekt opp av Guds røyst, så seier han som skulle vere hyrden for Guds folk: Gå og legg deg att! Berre sov vidare! Slikt kan skje når hyrden søv, og Gud vekkjer. Kva var den himmelske reaksjon? Jau, Gud svarar sjølv: "..eg vil døma huset hans for alltid på grunn av den misgjerning han kjende til." (3.13) Å kjenne til misgjerning og likevel ikkje ta oppgjer, førte han inn under Guds dom. Den som Gud har sette til hyrde har eit ekstra stort ansvar. Dersom ein ikkje tar oppgjer, når synd og verdsleggjering trengjer seg på, så fører dei mange med seg i fallet og fråfallet. Åndshøvdingen Ludvig Hope skriv om den åndeleg søvn og seier: "Me kristne i dag har vanskeleg for å sjå vår eiga synd, og mykje av det syndige me seier og gjer, skjønar me ikkje er synd. Me søv." Det er mange år sidan dette var skrive, men eg trur det er enno meir aktuelt i dag. Når ein ikkje lenger lever i "lyset" med sitt liv, då misser ein det lydhøyre hjarta og den åndeleg søvn tek overhand.
Kjenneteikn på åndeleg søvn Finst det noko kjenneteikn på åndeleg søvn? Ja, Bibelen viser oss mange eksempel på korleis den åndelege søvn byrjar og utviklar seg. I Joh. Openberring kap. 3 står det om kyrkjelyden i Laodikea, som Gud ville spy ut or sin munn: "Fordi du seier: Eg er rik, eg har overflod og vantar ingen ting - og du veit ikkje at du er arm og ynkeleg og fattig og blind og naken." Dei var åndeleg blinde, og tilfredse med seg sjølve og sin eigen kristendom, men ikkje lenger avhengige av Herren aleine - dei sov. Alt lukkast ytre sett for desse i Laodikea - du er rik, har overflod. Ytre sette kunne dei kanskje være flinke til å samle mykje folk, dei klarde å halde på ungdommen, dei var visjonære, dei var framsynte og oppdaterte osv. mange superlativ kunne vore nytta om dei, men problemet var berre at han som ser til hjarto kom til ein annan konklusjon enn menneska: "Du er lunka, og eg vil spy deg ut or min munn." Midt i sin rikdom - sin kristendom og sitt aktive arbeid i Guds rike, så var dei sovna i åndeleg tyding. Dei var blitt åndeleg blinde og døve - under domen, sjølv om dei kanskje i dag ville fått mykje ros. Men er ikkje forholdet til Herren rett, er alt forgjeves. "Om eg talar med mennesketunger og engletunger, men ikkje har kjærleik, då er eg ein ljomande malm eller ei klingande bjølle." (1Kor 13:1) Går ein på akkord med sitt eiga samvit, og ikkje lenger hevdar si overtyding fordi ein fryktar menneske meir enn Gud - så misser ein si overtyding. Så blir ein meir loyal mot menneske, familie, vener, arbeidskameratar, organisasjonar, kyrkjesamfunn etc. enn mot Gud - og slik byrjar og utviklar den åndlege søvn seg. Rosenius skriv om fire kjenneteikn på den åndelege søvn og seier: "Synda tyngjer ikkje lenger, ingen strid mellom ånd og kjøt, ingen frykt for fienden og ingen mistanke om seg sjølv." Når situasjonen er blitt slik, får djevelen herje fritt - sjølv om ein ytre sett kan ha "navn av å leve". Får ikkje Anden vekkje opp og gjere synda syndig for oss, då blir det fred der det skulle vere krig - dødsens fred. Så vil ein erfare at fienden er farlegare når han kjem i tøfler enn i tresko, som dei gamle sa.
Når ein byrjar å sove tyngre, så blir synda beint fram triveleg. Det å lese den "kulørte" vekepresse, og sitje kveld etter kveld å la seg underhalde av det som Gud hatar og som Jesus blei spikra til krossen for, det blir akseptert sjølv mellom "bekjennande" kristne. Det byrja så fint med dei små dosane med"sovepillar" som djevelen serverte, men så makta ein ikkje "slå av" når gifta og synda sine lekre rettar blei servert for kjøtet. Så blei det namn av å leve, men død. Med andre gjekk det som Jesus omtalar i Mark 4:19 "sutene for det timelege, den svikefulle rikdomen og lyst til andre ting kjem inn og kjøver ordet, så det vert utan frukt." Så blir dommen frå himmelen - åndeleg søvn, og kanskje allereide åndeleg død. Djevelen ler, og Jesus gret over slike tilstandar hjå den enkelte, i kyrkje og bedehus. Difor treng me spørje: Korleis er det med desse kjennteikna på den åndelege søvn - hjå oss, i mitt liv?
Resultat av åndeleg søvn Når det så gjeld resultata av den åndelege søvn legg ikkje Bibelen skjul på dei. " Eg veit om gjerningane dine, at du har namn av å leve, men du er død "- sa Gud til dei i Sardes. (Joh. Openb. 3.1) Dette var den himmelske dom over dei, sjølv om "menighetsarbeidet" i Sardes etter menneskelege augo kunne sjå svært så lovande ut. Men den åndelege søvn hadde fått gjort si gjerning - namn av å leve, men død. Resultatet av den åndelege søvn var blitt til åndeleg død. Talar ein sann hyrde slik i dag som Jesus tala til desse her i Sardes - korleis trur du reaksjonane hadde vorte? Kanskje han ville blitt kalt dømesjuk, pietist, sneversynt, bremsekloss, mørkemann, fundamentalist osv. Men problemet for dei i Sardes var berre det at det var den himmelske overhyrde som kom med denne dom, og førte det ikkje til omvendig så ville dei møte ei stengd himmeldør. Ståa er ikkje betre i dag heller når Gud talar slik. Men kvifor kunne den himmelske Gud tale slik til desse i Sardes? Jau, fordi han ser ikkje på det som menneska ser på, for menneska ser på det som fell i augo, men Herren ser til hjarta. (1. Samuel 16.7) Han såg at det gjalt himmel eller helvete for desse, difor prøvde han å vekkje. I dag har ein i mange samanhengar klart å rive ned skilje mellom "verden" og Guds folk, og mange er glade for det. Ein skikkar seg lik verda for å vinne verda. Sjølv om det naturlege menneske ikkje ser det, så er det eit resultat av åndeleg søvn, for Guds Ord seier: "skikka dykk ikkje lik med denne verda, men la dykk omskapa ved at hugen vert oppattnya, så de kan døma kva som er Guds vilje." (Rom 12.2) Difor er dette som gjeld den åndelege søvn, ein kamp på liv og død som blir utkjempa om di og mi sjel på denne jord. Djevelen kjempar for at dei som søv, skal sove vidare, og at dei som vaker skal sovne inn og slå sine augo opp i fortapinga - der elden aldri sloknar. Jesus som ein gong hadde vore heidersgjesten hjå dei i Laodikea (Joh. Op. 3), han var hamna utanfor døra, og no stod han og banka på - eit underleg syn. Tenk, Jesus utanfor! Det byrja kanskje med nokre "rom" - kanskje det var nye arbeidsmetodar og verkemidlar som var tatt i bruk, nye og meir "tidsriktige" songkrefter, kanskje den "moderate" og "ufarlege" bibelkritikken hadde kome inn osv. Resultatet var i alle fall at Jesus var hamna utanfor, og den åndelege søvn hadde fått gjort sitt inntog. "Kjødeleg frihet" var blitt til "åndeleg død". "For dersom de lever etter kjøtet, då skal de døy." (Rom. 8.13) Lar du deg ikkje vekkje når Guds Ord talar til deg, så går du evig fortapt - evig død. Slik talar Ordet om ein vil tru det eller ikkje. Eit anna resultat av den åndeleg søvn, er at er at Gud overgjev til søvnen, den som ikkje vil ta imot kjærleiken til sanninga - Guds Ord. Den åndeleg søvn er som forherdinga - sjølvforsterkande. "For Herren har rent ut over dykk ei ånd som gjev djup svevn. Han har late att augo dykkar." (Jes 29:10) Slik skjedde i fordoms tid, og slik skjer også i dag. I NT har me paralellen i det me møter i 2. Tess. 2.10-11 " Av di dei ikkje tok imot kjærleine til sanninga, så dei kunne verta frelste. Difor sender Gud dei kraftig villfaring, så dei trur løgna." Så langt går Guds heilage vreide, at han dømer den som foraktar hans Ord til blindheit og åndeleg søvn. Gud tar ikkje berre lyset, men ha sender også kraftig villfaring, for at dei skal tru løgna og gå fortapt. Difor blir resultatet av den åndeleg søvn, om ikkje oppvakning skjer, at ei kjem inn under Guds vreide og dom.
Korleis vakne og halde seg vaken? Men det merkelegaste av alt, når ein les om desse i Laodikea. Han som står utanfor og bankar på døra seier: "Om nokon høyrer mi røyst og opnar døra, då vil eg gå inn." Dei som han ville spy ut or sin munn, dei får høyre dette. Tenk det! Kunne ikkje tru at Jesus ville ha noko med dei å gjere - men slik er Jesus mot syndaren. Han kallar så lenge det er nådetid: "Kom og lat oss gå i rette med kvarandre, seier Herren. Om syndene dykkar er som purpur, skal dei verta kvite som snø, om dei er raude som skarlak, skal dei verta kvite som ull." (Jes 1:18) Det var berre ein hake ved bodskapen - og den går også mange utanom i dag: Han sa: "Gjer difor alvor av det og vend om!" Guds folk hadde forlete Herre - vendt seg bort frå han. Til desse ropar han: Vend om! Vakn opp! Men så var det så få som lytta, som let seg vekkje, som ba med David: Ransak meg, Gud, og kjenn mitt hjarta! Prøv meg og kjenn mine mangfaldige tankar, sjå om eg er på fortapingsvegen, og lei meg på ævevegen."(Salme 139.23-24) Kostnaden ved å erkjenne si synd og sitt frå fall både for Gud og mennske blei for stort - og i dag rår den åndelege død. Forferdeleg for disse sjeler, og forferdeleg for alle dei som ein dag skal oppleve det same som desse.
Måtte ikkje det skje i ditt og mitt liv, men måtte me lytte til han som også i dag ropar: "om nokon høyrer mi røyst og opnar døra", kva då? Jau,"då vil eg gå inn til han og halda nattverd med han, og han med meg."(Joh. Openb. 3.20) Tenk det! Då går Jesus inn til syndig mann, kvinne, ungdom, og så gjev han denne sjel del i sin lekam og sitt blod, si eiga forsoning. Høyrer du Ordet, tek du imot Ordet, gjev du Ordet rett - ja då kan også Herren få vekkje deg for fyrste gong eller på ny. Der Herren gjennom Ordet får vekkje, der skapar han også nye menneske. Den som Herren har fått vekt opp, han opplever at ein ikkje berre må vekkjast, men at han må leve i vekkinga - elles er han redd han sovnar for evig. Men han har også erfart at vekkingsflammen, gneisten, krafta - det får ein ved "korsets fot hos Jesus". Guds Ord seier, at dei som skoda opp til Herren dei stråla av gleda, og denne gleda i Herren er styrken i kvardagen. Så kan ein kristen få seie til seg sjølv: "Eg er krossfest med Kristus. Eg lever ikkje lenger sjølv, men Kristus lever i meg."(Gal. 2.20) Då blir du avhengig av Herren, men ser også dei mange farar og må seie med songaren: "Hald du meg vakande her! Jesus, du veit her er mykje på jord Som til meg smiler og ler. Å, lat det aldri få makt over meg, Så det kan draga meg bort ifrå deg! Syn meg din himmel og vis meg min krans, Verda då taper sin glans! Lei meg så stundom i tankane heim, Så eg får sjå eg er rik! Lat meg få sjå inn i gleda til deim Som alt har vorte deg lik! Lyft meg på ørneveng høgt i mot sky! Løyn meg i storm ved di bringa i ly! Så vil eg lengtande gå på min veg, Venta på heimlov frå deg."
Av Dag Rune Lid |