Etter Kvitsundsaka

Takk for etikkheftet som Eivind Gjerde har skrive! Det er stort at elevane i mange år har fått slik klar, bibelsk vegleiing. Det gjeld òg på felt som der tidsånda står rakt mot Gud, som abort, sambuarskap, homofili, ulikskapen på mann og kvinne i heimen og anna. Det burde fylla misjonsfolket og leiarane deira med takk til Gud. Eivind  (og Asbjørn Nordgård) har fylgt den vegen som Guds Ord beskriv i 2Kor 4:2 ”Vi har sagt oss laus frå alle skammelege snikvegar og fer ikkje med list. Vi forfalskar heller ikkje Guds ord, men vi legg sanninga ope fram, og for Guds åsyn byd vi såleis oss sjølve fram til kvar manns samvit.”

Heftet er klart og underviser Guds Ord på ein tydleg måte. No har dette nådd offentleg ut. Bodskapen frå Guds Heilage lov og vilje er nådd ut over heile landet. Det har som venta vakt reaksjonar og motstand. Mange reknar visst det for negativt. Men skal det verta oppvekking og sann omvending til Gud, så treng Guds lov lyda slik at synda vert avslørd. Noko av nauda i dag er at dette i så liten grad skjer. Guds ord om profetane på Jeremia si tid, rammar visst mange som forkynner i dag: Klag 2:14 ”Tomt og duglaust var det som profetane dine såg for deg. Dei openberra ikkje misgjerninga di, så du slapp å fara i fangenskap, men dei forkynte deg fåfengde og forførande spådomar.

Kvitsund si handling har derimot vore svært underleg. Ingen kan tvila på at det er ubehageleg å koma i den ”offentlege gapestokk”. Men er det for Guds Ord si skuld, så er det noko stort. Dei som trekkjer Eivind sitt hefte bidreg med det til å svekka Guds Ord i vårt folk. Det er liten tvil om korleis verda oppfattar dette! No kan heftet og lærdommane frå det, avfeiast som utslag av ekstremisme. Det heile vert roa ned: Homofili er ikkje synd, Abort er ikkje drap likevel. Samvitet kan sova vidare.

Det er kome fram at Kvitsund si leiing har ynskt å fjerna heftet før. Det er ikkje det noverande trykket frå det offentlege som er grunnen. Det synest derimot som at det på Kvitsund er motstand mot heftet og har vore det lenge. At det er pedagogikk og form og ikkje er teologiske grunnar til det, verkar lite truverdig. No er heftet offentleg tilgjengeleg. Det er bra! Heftet verkar jo godt pedagogisk! Det er godt fordi det først og fremst er klart Bibelsk! Det er  òg sjelesørgerisk og godt skrive og har nyttige arbeidsoppgåver etter avsnitta. Klart at det kan diskuterast i kva grad ein bør gjera seg bruk av forsking om årsaka til homofile følelsar. Saka handlar ikkje om det, og ikkje om kjeldeval – slikt er flisespikkeri.

Det har alt spurt offentleg: Kva er det i heftet som leiinga på Kvitsund er usamd i eller ikkje kan stå for? Kvifor kan det ikkje brukast? Det må dei no skunda seg og gjera kjent. Korleis vil Kvitsund, når dei no trekkjer heftet, på truverdig vis læra det same som hefte gjer? Kva meiner Sagrusten når han uttalar at hefte er for konservativt i form? Ordet konservativt korresponderar dårleg med form, men derimot godt med teologisk innhald.

Leiinga i NLM bør tydleg vedkjenna seg heftet og innhaldet i det med oppfordring til framleis å nytta det på NLM-skular og elles.” Det er  ikkje personalsak (om saka elles kunne ha slike element)! Ein skule i NLM skulle ikkje så lett kvitta seg med klar bibelsk vegleiing eller gjera det trongt for vegleiaren!

Utskrift