– Me søv

Det var Jon Kvalbein som skreiv dette i sin velskrivne kronikk i Dagen for ei tid attende under temaet «Under Guds veldig hånd». Han skreiv: «Abortloven har gjort drap av uønskede ufødte barn til en rettighet. Ekteskapsloven har avskaffet ekteskapet mellom mann og kvinne som en egen samlivsform. Skolen fremstiller alle religioner og livssyn som likegyldige. Mange kristne har tilpasset seg verden. Vi sover.»

Eg trur Jon Kvalbein her rører ved essensen i det veldige fråfallet som me opplever i vårt folk. Det er me som Guds folk som har sovna åndeleg sett, og me ser ikkje lenger klart korleis den djevelske ideologien forgiftar vårt folk i dag på alle plan.

Tidsånda

Når Jesus omtalar den siste tid før si atterkome seier han at denne søvnens ånd skal vere så sterk at alle truande skal sovne inn. Mat 25:5. For mange skal den vere så djup at dei aldri vaknar, før dei slår sine augo opp i den evige fortaping – der elden aldri sloknar og ormen aldri døyr.

Songforfattaren Nils Jakob Laache skreiv i 1866: «giften i tidens vær og vind truer å røve meg livet». Tenk å skrive noko slik for over snart 150 år sidan! Kva måtte han ikkje har skrive i dag, om han skulle beskrive vår åndssituasjon? Denne djevelske gifta i «tidens vær og vind» som møter oss i tidsånda – forgiftar den truande.

Då Hans Erik Nissen var i heimbygda mi og talte for ein del år sidan sa han: «Dersom mine besteforeldre hadde kommet inn i vår verden i dag, hadde de beskrevet den som et stort horehus.»

Kvifor ville dei sagt det? Jau, me møter tidsånda og synda på det umoralske nær sagt over alt i radio, TV, filmar, aviser, tidsskrift, internett, Facebook, i kjøpesenter osv. Etter som synda vert meir og meir del av samfunnet, møter du synda beskriven og utmalt i reint nyheitsstoff. Denne «gifta» i tidsånda møter oss meir uinnpakka og meir pågåande enn nokon gong, og den er søvndyssande.

Når Olav Valen Sendstad skal forklare korleis tidsånda verkar seier han: «Tidsånden er som en hemmelig makt mellom oss som lyser oss i uforsonlig bann om vi våger å antaste den. Derfor er tidsånden slik at den i seg selv er en art forblindethet, og virker forblindene - selv på oppriktige og bra mennesker.»

Denne hemmelege makt er sterkare, meir einsrettande, og meir overkøyrande mot den som vågar å angripe den enn nokon gong. Kvifor? Jau, djevelen, hovdingen over vår verd og den som styrer tidsånda, han rasar for han veit han har så kort tid att. Han har som mål at du og eg som har møtt Jesus til frelse skal falle, og verte liggjande i synda - og ein dag slå våre augo opp hjå han i fortapinga. Difor formanar Skrifta: «Gjev ikkje djevelen rom!» Ef 4:27

Vert Isak ofra?

Misjonssambandet sin første generalsekretær Johannes Brandtzæg skriv i ei av sine bøker om ”kratlause kristne”. Der seier han: «Hvordan kan troen bli sterk og ekte, om du har det så travelt at du knapt nok spanderer noen få forjagande minutter på å omgås Gud, og se inn i din forløsers guddommelige åsyn? Hvorledes kan det være verdensovervinnende tro, når våre egne småtterier er mere interessante og viktige for oss enn Kristus og sjelenes og verdens nød? Tro vokser når Isak ofres. Og ”Isak” det er ikkje vår synd, men det er det som i seg selv kan være tillatt og godt, men blir synd om det ikkje ofres, når Gud vil ha det.»

Eg trur at han her rører ved ei viktig side ved den åndelege søvn. Livet vert så travelt at Herren ikkje får meg inn i «stilla» for å vekkje meg opp. Så veks ikkje trua for ”Isak” vert ikkje ofra. «Isak», alt som i seg sjølv er positivt og godt det vert for «kostbart». Eg er ikkje villig å ofre det til Herre. Så vert det synd som bind meg, og som til slutt kveler mitt åndelege liv og fører meg inn i søvnen.

Er du frelst mann?

I eldre tid hadde dei ein forkynnar i Norhordland Indremisjon som heitte Johannes E. Raknes frå Osterøy. Han var forkynnar om vinteren og fiska laks om sommaren i såkalla laksegilje som stod langs fjorden.

Ein sommar sat han i laksegilja i Sørfjorden, fjorden som strekkjer seg innover forbi Vaksdal på landssida, kom det ein motorbåt utover fjorden. Johannes vart minna om å ro ut og spørje om skipparen var frelst. Han stormrodde midtfjords, og klarde å stanse båten. Då skipparen kom bortåt ripa og spurde om han trong hjelp, svarte Johannes: «Nei ... men er du frelst mann?»

Då fekk han Johannes høyra så mykje banning etter seg som han aldri hadde høyrt før. Johannes rodde stilt attende og skamma seg over at han hadde vore så dum og gjere dette. Han var glad at ingen andre på land hadde sett han.

Året etter vart det årsmøte i Nordhordland Indremisjon på Vaksdal, og under avslutningsmøte i kyrkja om sundagen vart ordet gjeve fritt. Då gjekk ein mann fram i kordøra og vitna. Han fortalde at året før han han vore på veg ut fjorden med ein båt, då det kom ein fossroande ut frå land. Han fortalde kva som vart sagt og etter dette så sa ikkje båten «togg, togg» lenger, men den spurde berre: «Er du frelst mann? Er du frelst mann?», og før båten la til kai hadde karen overgitt seg til Herren. I kyrkja denne dagen avslutta han med å seie: «Eg veit ikkje kven det var, men eg skal takke han i himmelen, om eg ikkje møter han før.»

Historia stod i ei bok, og eg tykte den var talande – om ein som levde i vekkinga og som levde fortruleg med sin Gud. Då har ein også trong for at andre må vakne opp. Sjelene må bergast for himmelen – koste kva det koste vil. «Isak» må ofrast!

Herren kan sigre!

Herren vil vekking! Når Herren talar til folk og nasjonar med naud og ulykke, då er det kall til omvending. Fyrst og fremst talar det til dei som vedkjenner seg Jesu namn, at dei må vakne opp or søvnen – men også til den vantruande som ikkje vil ha med Gud å gjere i det heile.

Les me Israels historie, ser me dette klart. Når Herren sende tukt og Gudsfolk let seg vekkje, når dei vende seg til Herren i si naud og sanna sine synder - då kjempa Herren for dei på alle plan - uansett kor stor fiendemakta var!

Me høyrer om at Israelsfolket var livredde då filisterane rykte fram mot dei slik det står i 1 Sam 7:10b. Men då «sende Herren same dagen eit sterk torevêr over filisterane og forvirra dei, slik at Israel vann på dei.» Herren sigra for dei mot alle odds!

Me møter det same i 2 Kong 19:35 når Assyrarane angrip. Også då audmjuka dei seg, og kva skjer? «Same natta hende det at Herrens engel gjekk ut og slo eitt hundre og åttifem tusen mann i assyrarleiren. Då folk stod opp om morgonen, fekk dei sjå dei alle liggja der som døde kroppar.» Alt som er skrive før er skrive til lærdom for oss slik det står i Rom 15:4.

Difor er det same vegen me som Guds folk i dag må gå, om åndelege sigrar skal vinnast i vår folk. Me må audmjuke oss og sanne vårt fråfall, og be om at Herre må få vekkje oss opp så me ser vår sanne stilling både personleg og som folk og land.

Skjer det, kan gjerne Herren enno ein gong forbarme seg over oss og nedkjempe dei ideologiar som i dag vil øydeleggje vårt folk og utrydde alt som «luktar» av kristen tru og tanke.

 

Utskrift