Underhaldningskristendom

Det er sommar, og i media og på nettet får me bretta ut det som rører seg i Kristen-Norge. Ein må undre seg når ein ser korleis tidsånda får meir og meir plass, og store skarar av ungdom sveiar i rytmane frå scenen.

Tidsånda sigrar

Men kva skjer når ein opnar opp for tidsånda mellom Guds folk ? Jau, det fører til at verda vinn, og Guds folk tapar i åndskampen.

Songen og musikken har på mange vis vore ein plogspiss i verdsleggjeringa av Guds folk gjennom dei siste tiåra. Etter kvart har spekteret vorte utvida i nær sagt alle retningar, og i dag har mange også kristna dansen, sjølv om Herren seier til sine borna at dei ikkje skal skikka seg lik verda. Rom 12.2.

Det er som Ludvig Hope sa i si samtid: «Me kristne i dag har vanskeleg for å sjå vår eiga synd, og mykje av det syndige me seier og gjer, skjønar me ikkje er synd. Me søv.» Var det sant då – skulle det vel vere sant no.

Dei unge vert forførde

Mange gilde unge, som vedkjenner seg Jesu namn, vert forførde gjennom denne underhaldningskristendommen. Det vert underhaldninga som samlar dei – men dette fører ikkje til sant åndeleg liv, berre til almenreligiøsitet.

Då får ikkje dei unge møte Herren i Ordet. Det heile vert gjort til ein overflatisk beslutningskristendom der ein tel på opprekte hender. Dei unge får ikkje gjere same erfaring som Jesaja(kap. 6), og då vert det heller ikkje behov for Jesu liding og død for mine synder. Faren er då at ein produserer dårelege brurmøyar, som vil møte ein stengd himmelport.

Lavik sin draum

Andreas Lavik som var Indremisjonsforbundet sin første generalsekretær, var i si tid ein landskjend og skatta forkynner og leiar. Mot slutten av sitt liv hadde han ein draum som han såg som ei openberring av det som skulle skje mellom Guds folk i den siste tid før Jesu atterkome.

Han såg kristenfolket som bølgjande folkeskarar på ei stor solfylt slette. Midt på sletta var det oppreist ein stor tribune der det vart talt til folket. Talene var religiøse, vakre i ord og form og alt gjorde eit festleg inntrykk.

Lavik gjekk då opp på tribunen og spurde om lov til å halde ei tale. Dei gav han villig plass på talarstolen.

Då han stod ansikt til ansikt med dei store folkeskarane, byrja han å forkynne evangeliet om Jesus Kristus. Han talte om Kristi død og soning for verda si synd. Men det var som ingen forstod ham. I byrjinga høyrde folk nysgjerrig og forundra på han. Men dei vart snart leie av det, og byrja å le og snakke og spasere fram og attende som før.

Då forstod Lavik at ordet om krossen var ganske ukjent her. Han slutta å tale. Men i det same han snudde seg og skulle gå ned, fikk han auga på ein mektig blomsteroppsats som sto på tribunen. Den var full av dei herlegaste blomar - ein heil blomsterflora. Han såg at alle dei andre bar blomar i knappholet og han nærma seg oppsatsen for å ta seg ei rose.

I same augneblinken som han rekte handa ut, heva ein mektig orm seg. Han låg ringa inne mellom blomane. Lavik såg dei glinsande augo på ormen, og vart fylt med stor redsle og så vakna han.

Grunna denne draumen næra Lavik alltid ein stor frykt for at Guds folk skulle kome bort frå ordet om krossen - Kristi stedfortredande liding og død - og ut på almenreligiøsiteten si blomsterslette.

Lavik døydde i 1918, men det ingen tvil om at hans draum er meir aktuell no enn nokon gong.

Omvending og siger

Bibelen vitnar om at profeten Jeremia heldt på å kome bort frå Herren. Han fekk høyre:«Dersom du vender om, så vil eg la deg kome attende og stå for åsynet mitt. Dersom du skil det edle frå det uedle, skal du vere som munnen min…. Eg vil gjera deg til ein fast koparmur mot dette folket.»  Jer 15:19-20 Han fekk eit kall, men også eit rikt løfte frå Herren.

Jeremia gav Herren rett, han vende om. Han fekk igjen vere som Guds munn! Herren gjorde han til ein mur mot sitt folk, og gav han mot og kraft til å tale så folket lytta. Sjølv kongen spurde han til råds. Måtte mange gjere som Jeremia, då ville dei også få erfare at Herren er den same i dag!

Utskrift